Montego Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montego Bay
by
Kallenamn: MoBay, Bay,
The Second City
Land  Jamaica
Region Cornwall
Fylke Saint James
Folketal 110 115  (2011)
Grunnlagd 1980
Tidssone EST (UTC-5)
Kart
Montego Bay
18°28′00″N 77°55′00″W / 18.466666666667°N 77.916666666667°W / 18.466666666667; -77.916666666667
Wikimedia Commons: Montego Bay

Montego Bay er den andre største byen på Jamaica, etter Kingston, og den einaste andre byen som har status som city. Han ligg nordvest på øya og er administrasjonsstad for Saint James Parish. Lokalt blir han gjerne berre kalla MoBay eller Bay.

Montego Bay frå lufta.

Montego Bay ligg i ei bukt som er verna mot handelsvindane av låge åsar.[1] Byen er eit populært turistmål med cruiseskipterminal, tax-free-handel og fleire strender og hotell i nærleiken. Turistindustrien dominerer den nordlege delen av bukta langs kysten. Donald Sangster internasjonale lufthamn, som er den travlaste flyplassen i engelsktalande Karibbia, ligg innanfor bygrensa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Montego Bay ca. 1820

Christopher Columbus kom til øya for første gong, i 1494, gav han bukta namnet Golfo de Buen Tiempo ('Godvêrsbukta'). Namnet «Montego Bay» skal stamma frå spansk manteca, som tyder 'smult' og viser til produktet dei eksporterte etter å ha jaga ville grisar i området. På gamle kart finn ein også den engelske nemninga Lard Bay eller 'Smultbukta'.[2]

Jamaica var ein spansk koloni frå 1511 til 1655, då den karibiske ekspedisjonen frå England under Oliver Cromwell, Western Design, dreiv spanjolane frå øya som dell av den anglo-spanske krigen (1654–1660).

Montego Bay Civic Centre var danselokale og tinghus under kolonitida.

Under slavetida, frå midten av 1600-talet til 1834, og vidare inn på 1900-talet, var byen hovudsakleg ei hamn for sukkereksport. Den siste store slaveoppstanden, Juleoppreisten eller Baptistkrigen (1831–1832) fann stad i området rundt Montego Bay. Leiaren for oppreisten, predikanten Samuel Sharpe, blei hengd her i 1832. I 1975 blei Sharpe utnemnd til jamaicansk nasjonalehelt, og den største plassen i byen har namn etter han.

Lessing av bananar tidleg på 1900-talet.

Sukkerhandelen gjekk tilbake på 1800-talet, og ein byrja dyrka bananar på plantasjar i staden. Men det var først med utviklinga av turistindustrien på 1900-talet at byen fekk ny økonomisk vekst.[2] Montego Bay har likevel ei rekkje sosiale og økonomiske problem, som ein mellom anna har skulda på mangelen på reelt sjølvstyre og kontroll over inntente middel.[3] Byen har ei rekkje uregulerte slumområde, medan andre delar er prega av turistanlegg og fritidshus for rike jamaicanarar, nord-amerikanarar og europearar, fine restaurantar og handelshus. Eit stort sjukehus, Cornwall Regional Hospital, ligg her.

Fleire gamle sukkerplantasjar er gjort om til turistanlegg, ofte med opphavlege bygninigar intakte. Den best kjende av desse er White Witch of Rose Hall, ein plantasje kjend for heimsøkingar som i dag er ein golfbane. Montego Bay Convention Centre, i nærleiken av Rose Hall, blei opna av den jamaicanske statsministeren Bruce Golding 7. januar 2011.[4]

Kjende folk frå Montego Bay[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 8. desember 2017. 
  2. 2,0 2,1 Margaret Morris. «Montego Bay». Tour Jamaica. Henta 8. desember 2017. 
  3. Limited, Jamaica Observer. «Montego Bay — a city making progress in some areas, but struggling in others - News». Arkivert frå originalen 9. desember 2017. Henta 8. desember 2017. 
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 26 July 2011. Henta 6. mars 2011.  Jamaican Tourist Board news report.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Montego Bay