Monter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamle montrar med utstoppa fuglar i Naturhistorisches Museum (det naturhistoriske museet) i Wien i Austerrike.

Monter (frå latin monstrare, å syne fram) er ei kasse eller eit skåp som for det meste har sider og front av glas og vert nytta til utstilling av gjenstandar eller objekt, særleg i museum. Meininga med ein monter er å verne innhaldet mot ytre påverknader, støv og anna forureining, og å hindre at gjenstandane vert stolne. Montrane kan ha klimasystem som syter for rett temperatur og fuktinnhald i lufta for at innhaldet ikkje skal teke skade.

Montrar vert òg nytta i butikkar som sel verdfulle smågjenstandar, som til dømes gullsmedvarer og ur.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]