Montserrat i Spania

Koordinatar: 41°35′30″N 1°50′16″E / 41.59167°N 1.83778°E / 41.59167; 1.83778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montserrat i Spania
fjell
Land  Spania
Kart
Montserrat i Spania
41°36′19″N 1°48′33″E / 41.605277777778°N 1.8091666666667°E / 41.605277777778; 1.8091666666667
Wikimedia Commons: Muntanya de Montserrat

Montserrat er eit fjell nær Barcelona i Catalonia i Spania. Her ligg eit benediktinarkloster med heilagdomen Jomfru av Montserrat.

Montserrat tyder bokstavleg «spisst fjell» på katalansk. Det skildrar ein steinformasjon som er godt synleg frå avstand. Fjellet består av eit lillafarga konglomerat av sedimentære bergartar og er populært hos fjellklatrarar.

Den karibiske øya Montserrat er kalla opp etter dette fjellet.

Det går veg, kabelbane og tannhjulbane opp til klosteret. Frå klosteret går det to kabelbaner opp i høgda. Den eine, Funicular de Sant Joan, går opp til meir enn tusen meters høgd, der det går ein stig til Sant Jeroni, som er det høgste punktet på Montserrat (1 236 meter over havet). Den andra, Funicular de Santa Cova, går til grotta Santa Cova.

Toppen av Montserrat vert kalla Sant Jeroni, og er altså 1236 meter over havet.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Montserrat

41°35′30″N 1°50′16″E / 41.59167°N 1.83778°E / 41.59167; 1.83778