Monument Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Monument Records var eit amerikansk plateselskap i Washington, D.C. kalla opp etter Washington Monument og skipa i 1958 av Fred Foster og Buddy Deane. Buddy Deane slutta snart i selskapet og i 1960-åra kjøpte han radiostasjonen KOTN i Pine Bluff i Arkansas. Foster flytta til Nashville-forstaden Hendersonville i Tennessee. Monument Records gav ut musikk innan fleire sjangrar, som rock and roll, country, jazz og rhythm and blues.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga var Monument det første distribusjonsselskapet for London Records. Den første utgjevinga til Monument Records i 1958, var òg den første hitten deira. Det var Billy Grammer sin «Gotta Travel On», som nådde topp 5 på singellista i USA og selde over 900 000 eksemplar. Det skapte òg ein landsomfattande dansehysteri kalla The Shag. Dei fekk så kontrakt med den tidlegare Sun Records-artisten Roy Orbison, som førte meir suksess til Monument Records, frå og med «Only the Lonely» i 1960. I 1961 distribuerte London Records meir enn førti sjølvstendige selskap, og bad Foster om å flytte Monument til eit eige, sjølvstendig distribusjonsnettverk. I 1971 signerte Foster ein verdsomfattande distribusjonsavtale med CBS Records.

I tillegg til Orbison hadde Monument etter kvart mange andre artistar i stallen, som Robert Knight, Kris Kristofferson, Jeannie Seely, Boots Randolph, Dolly Parton, Ray Stevens, Cindy Walker, Tony Joe White, Charlie McCoy, Willie Nelson, J.K. Coltrain, Tommy Roe, The Velvets, Connie Smith, Larry Jon Wilson, Larry Gatlin og Robert Mitchum.

Foster starta eit soul- og R&B-selskap kalla Sound Stage 7 i 1963. Av artistar på Sound Stage 7 finn ein mellom andre Joe Simon, The Dixie Belles, Arthur Alexander og Ivory Joe Hunter. Ein annan etikett for Monument var Rising Sons Records.[1]

Foster tapte store pengar på feilinvesteringar i 1980-åra, og måtte selje selskapet og forlaget Combine Music Group i 1990. CBS Records kjøpte heile katalogen til Monument og etterfølgjarane Sony Music aktiverte selskapet som ein eigen etikett i 1997, hovudsakleg for countrymusikk. Somme artistar for Monument i denne perioden var Little Big Town og Dixie Chicks.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard - Google Books». Books.google.com. 16. september 1967. Henta 20. februar 2015. 
  2. Top40-charts.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]