Monzonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tynnslipt monzonitt sett i krosspolarisert lys.

Monzonitt er ein djupbergart som har omtrent like store mengder alkalifeltspat og plagioklas. Han inneheld også noko kvarts eller eventuelt nefelin, og mørke mineral som pyroksen, amfibol og glimmer. Monzonitt har namn etter fjellmassivet Monzoni i Sør-Tirol i Italia.

I høve til streckeisen-klassifikasjon av magmatiske bergartar står monzonitt mellom syenitt og monzodioritt. Monzonitt og monzodioritt blir med ei fellesnemning kalla syenodioritt.

Den tilsvarande dagbergarten til monzonitt er latitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Monzonitt (2009, 14. februar). Store norske leksikon. Henta 19. august 2013.
Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.