Moody Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moody Blue
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve Juli 1977
Innspelt 2. og 4. februar 1976; 29. og 31. oktober 1976; 24. og 26. april 1977
Sjanger Countrypop, softrock
Lengd 31:35
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi
Welcome to My World
(1977)
Moody Blue Elvis in Concert
(1977)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Rough Guides 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Moody Blue er det siste studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records månaden før han døydde i august 1977.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet var ei blanding av konsert- og studioopptak, og inneheldt fire songar frå den siste innspelinga til Presley i oktober 1976, og to songar som var til overs etter den førre innspelinga i Graceland i februar 1976. «Moody Blue» var ein tidlegare utgjeven hit spelt inn på den første Graceland-innspelinga, og halden attende for dette albumet. På innspelinga i februar spelte han òg inn «She Thinks I Still Care». «Way Down» vart ein hit etter Presley døydde, mindre enn ein månad etter albumet kom ut.

Som skildra i Elvis: The Illustrated Record, klarte RCA å setje saman nok studioopptak for å gje ut eit heilt album, og alle opptaka utanom dei to songane frå Presley-innspelinga i 1976 var alt brukt på det førre albumet, From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee eller gjevne ut som singlar. Selskapet valte å fylle ut albumet med tre konsertopptak frå Ann Arbor i Michigan frå 24. og 26. april 1977, som vart kraftig overdubba for albumet, og som vart dei to siste innspelingane Elvis nokon gong gjorde. Ein av desse var ein versjon av «Unchained Melody», der han akkompagnerte seg sjølv på piano. RCA og produsenten Felton Jarvis hadde booka eit platestudio i Nashville for januar 1977, for å spele inn nokre nye songar for albumet. Presley hadde valt eit par songar å spele inn med hjelp av Jarvis, stort sett livlege countrysongar. Presley møtte aldri opp til innspelinga, og hevda han var sjuk og derfor måtte vere heime (ei unnskulding Presley hadde brukt ganske ofte i 1960-åra for å unngå og spele inn dårlege songar for filmane hans). Jarvis og RCA hadde ikkje anna val enn å fylle ut albumet med konsertopptak, som nemnd over. Blant konsertopptaka var òg «Let Me Be There», som alt vart gjeven ut tre år tidlegare på albumet Elvis: As Recorded Live on Stage in Memphis, sjølv om RCA hadde tilgang til eit tidlegare ikkje utgjeve konsertopptak av «Softly, As I Leave You», som i staden vart gjeven ut som B-side til «Unchained Melody».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen «Moody Blue» vart gjeven ut på singel i desember 1976 og nådde toppen av Billboard-countrylista og 31. plassen på poplista. «Way Down» var den neste singelen frå albumet og kom ut tidleg på sommaren 1977. Han selde ikkje særleg godt, men klatra raskt til 18. plassen då Presley døydde i august (og gjekk heilt til topps i Storbritannia). Han vart ein større hit på countrylista, der han gjekk til topps same veka som Presley døydde. Albumet klatra til tredjeplassen på albumlista då Presleøy døydde, men hadde alt vore innom Topp 40 før den tid. Dette vart det siste albumet til Presley som gjekk inn på Topp 40. Moody Blue gjekk òg til topps på countrylista.

RCA trykte albumet på blå vinyl for å matche tittelsporet. Sidan farga vinyl var ganske uvanleg på den tida, og nesten aldri skjedde for støre utgjevingar, har dette ofte ført til at eksemplar på blå vinyl var sjeldne, medan dei sjeldne utgåvene faktisk er versjonane i vanleg svart vinyl, som vart trykt før Presley døydde.

Etter Presley døydde vart «Unchained Melody» òg gjeven ut på singel, og han nådde sjetteplassen på countrylista. Denne versjonen var ikkje den same som albumversjonen. Singelen innheldt ein overdubba versjon av eit opptak frå Rapid City, 21. juni 1977.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Unchained Melody» (konsertopptak) Alex North, Hy Zaret 24. april 1977 2:32
2. «If You Love Me (Let Me Know)» (konsertopptak) John Rostill 26. april 1977 2:57
3. «Little Darlin'» (konsertopptak) Maurice Williams 24. april 1977 1:52
4. «He'll Have to Go» (innspelt i Graceland) Joe Allison, Audrey Allison 31. oktober 1976 4:28
5. «Let Me Be There» (frå albumet, Elvis Recorded Live on Stage in Memphis) John Rostill 20. mars 1974 3:26
Side B
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Way Down» (innspelt i Graceland) Layng Martine jr. 29. oktober 1976 2:37
2. «Pledging My Love» (innspelt i Graceland) Don Robey, Ferdinand Washington 29. oktober 1976 2:50
3. «Moody Blue» (innspelt i Graceland) Mark James 4. februar 1976 2:49
4. «She Thinks I Still Care» (innspelt i Graceland) Dickey Lee, Steve Duffy 2. februar 1976 3:49
5. «It's Easy for You» (innspelt i Graceland) Andrew Lloyd Webber, Tim Rice 29. oktober 1976 3:26

[5]

Follow That Dream-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Unchained Melody»    
2. «If You Love Me (Let Me know)»    
3. «Little Darlin’»    
4. «He’ll Have To Go»    
5. «Let Me Be There»    
6. «Way Down»    
7. «Pledging My Love»    
8. «Moody Blue»    
9. «She Thinks I Still Care»    
10. «It’s Easy For You»    
11. «Unchained Melody» (udubba master)  
12. «If You Love Me (Let Me Know)» (udubba master)  
13. «Moody Blue» (opptak 6)  
14. «She Thinks I Still Care» (opptak 2B)  
15. «My Way» (live)  
16. «Way Down» (udubba master)  
17. «Little Darlin’» (udubba master)  
18. «He’ll Have To Go» (grov miks)  
19. «Pledging My Love» (sett saman av øving og take 3)  
20. «It’s Easy For You» (opptak 1)  
21. «She Thinks I Still Care» (opptak 1, 2A)  
22. «America The Beautiful»    
23. «Softly As I Leave You»    
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Way Down» (øving, opptak 1)  
2. «Way Down» (opptak 2A)  
3. «She Thinks I Still Care» (opptak 3,4)  
4. «Moody Blue» (opptak 1)  
5. «Pledging My Love» (opptak 1,2)  
6. «Pledging My Love» (opptak 3)  
7. «It’s Easy For You» (opptak 3,4)  
8. «It’s Easy For You» (udubba master)  
9. «She Thinks I Still Care» (opptak 7,9)  
10. «She Thinks I Still Care» (opptak 10)  
11. «Blue Eyes Crying In The Rain» (uredigert grov miks av master)  
12. «Moody Blue» (opptak 7,5)  
13. «Bitter They Are, Harder They Fall» (grov miks av master)  
14. «Pledging My Love» (opptak 4-5)  
15. «Pledging My Love» (udubba, uredigert master)  
16. «Way Down» (opptak 2B)  
17. «Way Down» (grov miks av master)  
18. «Moody Blue» (opptak 8,9)  
19. «Moody Blue» (master unedited grov miks)  
20. «She Thinks I Still Care» (opptak 15)  
21. «America» (samansett av singelmaster og ein slutt frå ein sletta studioversjon)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Leiande produsentar: Elvis Presley, Don Wardell
  • Produsentar: Chick Crumpacker, Felton Jarvis
  • Lydteknikar: Dick Baxter

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 1
U.S. Billboard 200 3
Canada RPM Top Albums 2
Austerriken Alben Top 75 20
Nederlandsk Albums Chart[6] 3
New Zealand Top Albums Chart 1
Noreg Albums Top 40 Chart 3
Sverige Top 60 Albums 2

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Organisasjon Salstrofé
USA RIAA 2x platina [7]
Canada CRIA 2x platina [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Elvis Presley Moody Blue». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/moody-blue-mw0000196499. Henta 8. desember 2016. 
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 18. september 2013. https://web.archive.org/web/20130918054850/http://www.rollingstone.com/music/artists/elvis-presley/albumguide. Henta 8. desember 2016. 
  4. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 152. ISBN 1-84353-417-7. 
  5. «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. http://www.softshoe-slim.com/lists/p/presley.html#48. Henta 2012-03-02. 
  6. Nederlandsk Charts - Elvis Presley Moody Blue
  7. 7,0 7,1 «Sitemap». Elvis.com. http://www.elvis.com/elvisology/elvis_records.asp. Henta 2012-03-02. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]