Moon Over Naples

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Moon Over Naples» er ein instrumental frå 1965 komponert og opphavleg framført av den tyske bandleiaren Bert Kaempfert. Det vart det første sporet på albumet The Magic Music of Far Away Places for Decca Records.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein vokal versjon av Sergio Franchi med tekst av Charles Singleton vart spelt inn i 1966, men gjekk ikkje inn på listene. Han vart ein hitsingel i 1966 for Al Martino med ein ny tkest av komponisten Eddie Snyder, og tittelen vart endra til «Spanish Eyes». Denne kom ut seint i 1965 i USA og denne innspelinga nådde 15. plassen på Billboard Hot 100[1] og låg fire veker på toppen av Billboard Easy Listening-lista[2] tidleg i 1966. Denne vokale versjonen vart òg ein hit i Europa, der han selde kring 800 000 eksemplar i Tyskland[2] og gjekk to gonger inn på UK Singles Chart, og nådde 49. plassen i 1970 og så femteplassen i august 1973.[3]

Andy Williams gav ut ein versjon i 1967 på albumet Born Free.

I 1968 fekk Kaempfert ein av fem BMI Awards det året for «Moon Over Naples». Dei andre prisane var for «Lady,» «Sweet Maria,» «Strangers in the Night» og «The World We Knew (Over and Over)» med ein posthum BMI Award gjeven 16. september 2003.[4]

Som «Spanish Eyes» vart songen framført av artistar som Elvis Presley, Engelbert Humperdinck, Wayne Newton og Faith No More;[5] og han vart til og med sungen av Homer Simpson i The Simpsons-episoden Homer vs. Dignity. Ein versjon av Willie Nelson og Julio Iglesias nådde åttandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1988.[6]

Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon i 1990 for albumet Singalong with Little Willie Littlefield.

I 2013 spelte Il Divo songen som ein duett med den britiske songaren Engelbert Humperdinck[7] produsert av Alberto Quintero, og gjeven ut på «Engelbert Calling» 30. september 2014.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 401.
  2. 2,0 2,1 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 41.
  3. UK Singles Chart info Chartstats.com. Henta 9 September 2009.
  4. Official Bert Kaempfert page listing his awards, arkivert frå originalen 23. juni 2008, henta 23. juni 2017 
  5. Spanish Eyes lyrics and brief history at Deessongs.homestead.com
  6. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 238. ISBN 978-0-89820-203-8. 
  7. noise11.com (red.). «The Engelbert Humperdinck 2014 duets album has a new star act. Il Divo have re-recorded Engelbert’s classic ‘Spanish Eyes’ with the legendary singer.». 
  8. amazon.com (red.). «Engelbert Calling (Deluxe Edition)». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]