Moon Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moon Zappa
Fødd28. september 1967 (56 år)
FødestadNew York by
Aktive år1982–
Verka somsongar, komponist, fjernsynsskodespelar, skribent, filmskodespelar, skodespelar, filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, musikar
MorGail Zappa
FarFrank Zappa
EktefellePaul Doucette

Moon Unit Zappa (fødd 28. september 1967) er ein amerikansk skodespelar og forfattar. Ho er dotter til Frank Zappa.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Moon Zappa har tre yngre sysken, Dweezil, Ahmet og Diva Muffin. Ho var gift med Paul Doucette, tidlegare trommeslagaren og noverande rytmegitarist for den amerikansk popgruppa Matchbox Twenty, sidan juni 2002. Dei har eitt barn, Mathilda Plum Doucette, frå 2004. Zappa søkte om skilsmisse i januar 2012.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho vart først kjend i 1982, 14 år gammal, då ho hadde vokal på hitsingelen til faren, «Valley Girl». I songen leverer Moon Zappa ein monolog i «valleyspeak», ei blanding av slanguttrykk som var populær hos tenåringsjenter i San Fernando Valley i Los Angeles. I midten av 1980-åra var Moon og broren Dweezil ofte vertar på MTV. Ved sidan av «Dancin' Fool», var «Valley Girl» den største hitten til Frank Zappa i USA, og populariserte uttrykk som «grody to the max» og «gag me with a spoon». Songen vart gjeven ut på albumet Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch i 1982. Ho deltok sidan på ei anna innspeling kalla «My Mother Is a Space Cadet», med gitarakkompagnement av broren Dweezil.

Som barn spelte ho i fjernsynsseriane CHiPs, The Facts of Life og filmen Nightmares.

Som vaksen har ho arbeidd som standup-komikar, skribent i magasin og skodespelarinne. Ho har delteke i filmane National Lampoon's European Vacation og Spirit of '76, fjernsynsserien Normal Life og The Super Mario Bros. Super Show. Ho var med som niqab-kledd muslimsk kvinne i ein episode av Curb Your Enthusiasm, som Ted Mosby si kusine Stacy i ein episode av How I Met Your Mother, og ein episode av Roseanne.[2] I dag er ho stemma til Mrs. Lamber på FOX Broadcasting sin Animation Domination High-Def-serien High School USA!.

Ho har skrive romanen America, the Beautiful, publisert i 2001.[3] Ho har òg skrive for The New York Times.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frank Zappa Daughter Moon Unit Files Divorce». Daily Mail. 4. januar 2012. Henta 22. august 2014. 
  2. Mal:IMDb episode
  3. Zappa, Moon Unit. America the Beautiful: A Novel. New York: Scribner Paperback Fiction, 2001. ISBN 978-0-7432-1383-7
  4. Zappa, Moon Unit (18. november 2001). «One Street at a Time; Positively Third Street». The New York Times. Henta 22. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]