Moonmadness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Moonmadness
Studioalbum av Camel
Utgjeve 26. mars 1976
Innspelt Januar og februar 1976
Studio Basing Street Studios, London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:15
Selskap Gama/Decca
Produsent Rhett Davies, Camel
Camel-kronologi
The Snow Goose
(1975)
Moonmadness Rain Dances
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Moonmadness er det fjerde studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i mars 1976. Det var det siste albumet deira med den originale besetninga (Latimer, Bardens, Ferguson, Ward). Etter suksessen med den tett strukturerte og instrumentale The Snow Goose i 1975, spelte bandet igjen inn musikk med vokal.

Albumet har eit generelt tema, slik det førre hadde, men dette følgjer ikkje ei soge. Songane var laust baserte på dei individuelle personlegdomane til medlemmane i Camel: «Air Born» om Andrew Latimer, «Lunar Sea» om Andy Ward, «Chord Change» om Peter Bardens og «Another Night» om Doug Ferguson.

Den siste songen på albumet, «Lunar Sea», endar med ein minutt langs vindeffekt. På somme LP-utgåver var denne vindeffekten spelt i det uendelege fordi rillene i vinylplata var utforma slik at stiften gjekk attende.

I spesialutgåva til Q og Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet rangert på 23. plassen på lista kalla «40 Cosmic Rock Albums».[2] Lesarane av magasinet Prog kåra i 2014 albumet til det 58. beste progalbumet gjennom tidene.

Camel framførte heile albumet på ein turné i 2018.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Aristillus» (instrumental utanom ein talt seksjon av Andy Ward)Andrew Latimer1:56
2.«Song Within a Song»Latimer, Peter Bardens7:16
3.«Chord Change» (instrumental)Latimer, Bardens6:45
4.«Spirit of the Water»Bardens2:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Another Night»Latimer, Bardens, Andy Ward, Doug Ferguson6:58
6.«Air Born»Latimer, Bardens5:02
7.«Lunar Sea» (instrumental)Latimer, Bardens9:11
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLengd
8.«Another Night» (Single version)3:22
9.«Spirit of the Water» (Demo)2:13
10.«Song Within a Song» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976)7:11
11.«Lunar Sea» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976)9:51
12.«Preparation/Dunkirk» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976)9:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Camel
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
USA Billboard 118
Nederlandske album (MegaCharts)[4] 16
Svenske album (Sverigetopplistan)[5] 48
Britiske album (OCC)[6] 15
Spania (Superventas Cadena Ser) 21

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[7] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jehnzen, Daevid (2011). «Camel - Moonmadness (1976) album review at AllMusic». AllMusic.com. Henta 7. november 2019. 
  2. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  3. http://www.camelproductions.com/
  4. "Camel – Moonmadness". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  5. "Camel – Moonmadness". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  6. "Camel | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  7. «British album salstrofé – Camel». British Phonographic Industry.  Enter Camel in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go