Moore Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 18°4′30″N 76°25′30″W

Moore Town
busetnad
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Fylke Portland Parish
Folketal 1 106 (2009)

Moore Town
18°4′30″ N 76°25′30″ W

Moore Town er ein landsby på Jamaica.[1] Han ligg i Portland Parish, aust i landet, 40 km aust for hovudstaden Kingston. Moore Town ligg i Blue Mountains og John Crow Mountains,[2] 113 moh.[1] I 2009 hadde han 1 106 innbyggjarar.[3]

Moore Town er ein tradisjonell busetnad for maroonar, ei folkegruppe opphavleg skipa av rømde slavar. Han er den austlegaste av maroon-busetnadane og ligg heilt aust i Portland Parish.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden blei grunnlagd som New Nanny Town i 1740 etter ein fredsavtale mellom britane og Windward-maroonane etter den første maroonkrigen.[5] Nanny var namnet på leiaren til desse folka då dei budde i «gamle» Nanny Town, og kanskje også etter at dei flytta til den nye.

Frå 1760 byrja kolonistyresmaktene å omtala byen som Moore Town eller Muretown. Dette skal vera ei oppkalling etter fungerande guvernør sir Henry Moore.[5][6] På denne tida byrja også dei kvite oppsynsmennene som var utpeikte av styresmaktene å få ei sterkare stilling.[7] Då konflikten kjend som Tacky's Revolt eller Tacky's War braut ut i mai 1760 blei maroonane i Moore Town kommanderte ut for å slost mot opprørarane. I tiåret som følgde prøvde ein maroon-offiser kalla Clash å utfordra autoriteten til oppsynsmannen, men lukkast ikkje fordi han ikkje hadde støtte frå dei andre maroonane.[8]

I 1774 blei ein maroonleiar frå Charles Town, Samuel Grant, skulda for å ha drepe ein kaptein Townshend (som var kvit) og den svarte slaven hans medan han jakta på rømlingar i Hellshire. Grant flykta til Moore Town for å søka tilflukt. Admiral George Rodney, som då var i Kingston, sende ein flåte til Port Antonio i påvente av eit mogleg maroonopprør.[9] Den kvite oppsynsmannen i Moore Town overtalte folka der til å overgje Grant, som blei stilt for retten i Spanish Town. Til stor overrasking for dei lokale plantasjestyrarane blei Grant frifunnen for drapet på Townshend.[10]

Den best kjende oppsynsmannnen for Moore Town was løytnant George Fuller, som hadde stillinga frå 1809 til 1823.[11] Rolla blei avskaffa på 1850-talet.[12] Då Jamaica oppnådde sjølvstende i 1962 anerkjende styresmaktene maroonane sin suverenitet. Moore Town blir styrt av råd med 24 medlemmer og ein vald leiar.[13][14] Leiaren blir gjeven tittelen «Colonel», men kan også kallast «chief», eller 'høvding'.[13][11] Moglege leiarar stiller ikkje sjølv til val, men blir valde ved akklamasjon etter at andre har spurt dei om å stilla.[13] Ernest Downer var Colonel frå 1952 til 1964.[15] C.L.G Harris hadde stillinga frå 1964 til 1995, og Wallace Sterling blei vald til Colonel i 1995.[11][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Moore Town». Geonames.org (cc-by). 16. januar 2012. Henta 13. september 2016. 
  2. «UNESCO/JLU - Caribbean Indigenous and Endangered Languages, The University of West Indies at Mona». www.mona.uwi.edu. Henta 21. april 2017. 
  3. «Jamaica: largest cities and towns and statistics of their population». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 5 December 2012. Henta 21 December 2009. 
  4. Bev Carey, The Maroon Story: The Authentic and Original History of the Maroons in the History of Jamaica 1490-1880 (Kingston, Jamaica: Agouti Press, 1997), s. 413-423.
  5. 5,0 5,1 «Blue & John Crow Mountains - Moore Town Maroons». www.blueandjohncrowmountains.org (på engelsk). Henta 21. april 2017. 
  6. Siva 2018, s. 58.
  7. Barbara Kopytoff, ‘Jamaican Maroon Political Organization: the Effects of the Treaties’, Social and Economic Studies, Vol. 25, No. 2 (1976), pp. 87, 97.
  8. Siva, After the Treaties, s. 68-73.
  9. Andrew O’Shaughnessy, An Empire Divided: The American Revolution and the British Caribbean (Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 2000), s. 147.
  10. Siva, After the Treaties, s. 75-6.
  11. 11,0 11,1 11,2 «Jamaica National Heritage Trust - Jamaica - Moore Town». www.jnht.com. Henta 21. april 2017. 
  12. Bev Carey, The Maroon Story: The Authentic and Original History of the Maroons in the History of Jamaica 1490-1880 (Kingston, Jamaica: Agouti Press, 1997), s. 560.
  13. 13,0 13,1 13,2 «The Maroons and Moore town». www.folklife.si.edu. Henta 21. april 2017. 
  14. «Moore Town | Portland Municipal Corporation». portlandpc.gov.jm (på engelsk). Henta 21. april 2017. 
  15. 15,0 15,1 Hill, Oliver (15. november 2016). Moon Jamaica (på engelsk). Avalon Publishing. ISBN 9781631213847.