Moose Milk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Moose Milk er ein canadisk cocktail med røter i den tradisjonelle nyårsfeiringa Levée og det canadiske forsvaret.[1][2]

Både den canadiske hæren, marinen og luftforsvaret gjer krav på å ha funne opp drikken.[1][2][3] Omgrepet kan førast tilbake til det franske kolonistyret, då importert vin, som gjerne var blitt dårleg under reisa, blei blanda med sterkare alkohol og krydder og varma. Drikken blei servert som Le Sang du Caribou, 'elgeblod', eller Moose Blood på engelsk.

Då britane tok over kolonien blei hovudingrediensen i den blanda drikken whisky, som var betre å transportera. Ein cocktail kalla Moose Milk eller 'elgmjølk' blei laga av dette blanda med geitemjølk, muskat og kanel. I dag kan Moose Milk lagast med whisky eller rom, ulike mjølkeprodukt, iskrem eller eggelikør.[1] Feiringar der ein server Moose Milk i den canadiske marinen blir kalla Moosers.[4]

Ingrediensar[endre | endre wikiteksten]

Moose Milk har fem ulike ingredienstypar:[5][6][7]

Ein kan også bruka eggeplommer direkte i drinken, men dei kan også tilsetjast indirekte gjennom eggelikør eller iskrem.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Caribou: Ei blanding av raudvin, lønnesirup og canadisk whisky

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «NEW YEAR’S LEVEE AND MOOSE MILK». Cape Breton News. 31. desember 2010. Henta 25. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «The History of Moose Milk». Shooters Woodfire Grill. Henta 25. august 2016. 
  3. «Moose Milk Recipe - Food.com». Henta 25. august 2016. 
  4. Nelson, Mark R. (29. oktober 2014). Jackspeak of the Royal Canadian Navy: A Glossary of Canadian Naval Terminology (1 edition utg.). Mark Nelson. ISBN 978-0-9732825-3-5. 
  5. «Navy Moose Milk Drink Recipe». Liverpool Ships and Sailors. Henta 25. august 2016. 
  6. Scribe, Otteray. «Royal Canadian Air Force Moose Milk Recipe». Daily Kos. Henta 25. august 2016. 
  7. 7,0 7,1 «Moose's Milk». The Drink Kings. 5. november 2014. Henta 25. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]