Mor i skogen
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | kunsteventyr, barnebok | ||
| Utgjeven | 1939 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
| Sider | 146 | ||
Mor i skogen er ei norsk barnebok frå 1939 av Halvor Floden (1884–1956).[1] Det er ei samling av 11 kunsteventyr, med ein moralsk og pedagogisk tendens, mellom anna knytt til naturvern og annan samfunnskritikk.[2] Boka har teikningar av Albert Jærn.[3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Da boka kom ut i 1939 var Floden etablert som forfattar, lærar og familiemann. Han hadde vore lærar i Hernes sidan 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[4] Dei hadde fått fem barn, fødd 1907–1920, men hadde mista sonen Odd (1908-1931), som døydde av bukhinnebetennelse.[5]
Det same året vart forteljinga Jon og reven første gong lesen i Barnetimen i radio.[6] Forteljinga vart seinare brukt i fleire lesebøker,[7][8][9] men er ikkje trykt i ei Floden-bok.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Boka inneheld 11 eventyr. I pressemeldinga frå forlaget, som vart trykt i fleire aviser, heiter det: «Ikke eventyr om troll og huldrer, men nærmest fabler om natur og dyr og mennesker skrevet med en bestemt oppdragende hensikt. Mange av disse eventyrene vil sikkert bli nyttet til opplesning i skolen.»[10][11]
- Mor i skogen. I tittelnovella, som går frå s. 5 til 31, «får skogshjartet sår ved skamhogst som følgje av profittiver».[12]
- Langnads-tråden. Om den umedgjerlege prinsesse Vera.
- Katta frå skogen. Om ein mår-unge som blir tatt med heim frå skogen, og får huskatten som fostermor.
- Den store mannen. Satire.[13] «Et slags sidestykke til Axel Lundegaards 'Den store dagen': en liten pamflett som gjør narr av all den stas som blev gjort på en bestemt svensk dikter».[14]
- Nordavinden. Barn som skal oppsøkje faren på skogsarbeid blir retningsville når den personifiserte nordavinden sender vind og snøbyger over dei.
- Ærlege perler. Ein fabel «om to gutar som får ei underleg gåve av ei gamal kjerring»; dei kan lage ekte perler ved å tyggje med munnen. Dei kan gje gåva vidare, men det verker berre for ærlege menneske.[15]
- Frå fjell til hav. Vatnet sitt kretsløp frå fjellbekken til havet, fordamping og regn. Med personifisert natur.
- Arkturus. Fire barn i et stoge får vitjing av Arcturus eller Nordljos-gubben som er vaktmeister for himmelkvelvingen.
- Dyra i skogen. Dyra gjer felles sak, og oppsøkjer sorenskrivaren og Stortinget for å få ei endringa i jaktlovane.
- Guten og rota. Ein gut som driv med stubbebryting kjem i snakk med rota/stubben.
- Berre ugras. Om løvetann. Med personifisert natur.
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Johan Austbø skreiv i Norsk Skoleblad at Floden syner ein intim kjærleik til naturen og voksterheimen; «skogsmystikken vert personifisert og talar med i det røynlege livet.»[16] Barbra Ring skreiv i Nationen at Floden må ha mora seg med å lage desse eventyra i H.C. Andersens ande, og at det er ein kvass brodd under smilet. Ho peiker på at han skriv om Jaktlova, om Stortinget og om skogsaka. Ho runda av med å seie at Floden «er mer dikter i et par av disse eventyrene enn i alt annet han har skrevet.»[14]
Emil Herje skreiv i avisa Nidaros at eventyra kanskje var i meiste laget moralske. «Kanskje er dei vel mykje spekka med visdom, men det er berre så sanninga tyt ut av dei. Dei fleste er om og frå skogen som Floden kjenner som få og elskar så høgt.»[13]
Hans Nerhus skreiv i avisa Tromsø at novella Den store mannen var den beste soga i boka, og at ho var «beisk ironi, men briljant forteljerkunst.»[17] Sigurd Kvåle skreiv kort i Sogns avis at eventyra er skrivne ut frå Floden sine gode kjennskap til kva det er born likar.[18]
Boka i ettertid
[endre | endre wikiteksten]Eit opptrykk av boka var utgjeven av Ingeborg Refling Hagen på hennar Suttung forlag i 1984.[19] Boka er nemnd i framlegg til skuleprosjekt med utspring i Suttung-rørsla.[20]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1939). Mor i skogen. Oslo: Norli.
- ↑ Hagemann, Sonja (1974). Barnelitteratur i Norge 1914-1970. Oslo: Aschehoug. s. 303. ISBN 8203061869.
- ↑ Sundseth, Arnt Bryde (1952). Norsk illustrasjonskunst 1850-1950. Oslo: Forening for norsk bokkunst. s. 83.
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo: Forlaget Norske gardsbruk. 1943. s. 426.
- ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- ↑ «Dalane Tidende». 1939-01-04. s. 4.
- ↑ Munch, Mathilde (1940). Heime og ute : lesebok. 2B. Oslo: Steenske forlag. s. 200.
- ↑ Munch, Mathilde (1940). Heime og ute : lesebok. 4A. Oslo: Steenske forlag. s. 62.
- ↑ Egner, Thorbjørn (1958). Thorbjørn Egners lesebøker. 6 : Det var ein gong : for andre halvdelen av fjerde skuleåret. Oslo: Cappelen. s. 166.
- ↑ «Sør-Trøndelag». Orkanger. 1939-10-24. s. 4.
- ↑ «Smaalenenes Social-Demokrat». Fredrikstad. 1939-10-30. s. 5.
- ↑ Dag Hareide (1984). «Livssynet til Halvor Floden». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 62-80.
- 1 2 Emil Herje (1939-12-13). «Nye bøker». Nidaros. Trondheim. s. 4.
- 1 2 Barbra Ring (1939-12-12). «Av aarets litteratur». Nationen. s. 6.
- ↑ Kristoffer Sælid (1939). «Barnebøker». Norsk ungdom. Oslo. s. 220.
- ↑ Johan Austbø (1939). «Bøker». Norsk skoleblad. Oslo. s. 1014.
- ↑ «Nytt i nynorsk bokavl». Tromsø. 1940-03-12. s. 3.
- ↑ «Sogns Avis». Sogndal. 1939-12-05. s. 3.
- ↑ Naadland, Trine (1987). Nynorsk barnebokliste 1977-1986. Oslo: Noregs Mållag. s. 24.
- ↑ Lappegård, Siri, red. (1995). Ingeborg Refling Hagen - uklar myte eller bevisst pedagog? : artikler om pedagogiske ringvirkninger. Vallset: Oplandske bokforlag. s. 68-71. ISBN 8275180511.