Hopp til innhald

Morbærslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morbær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Morbærfamilien Moraceae
Slekt: Morbær Morus
L., 1753
Morbærtre med moden frukt

Morbærslekta er ei treslekt i morbærfamilien. Trea er store med hjarteforma blad, små blomar og saftig, velsmakande frukt, som liknar bjørnebær. Det finst i alt ti artar.

Svart morbær, Morus nigra, høyrer heime i Iran, men vart alt i antikken dyrka i middelhavslanda, og i nyare tid òg lenger nord i Europa. Fruktene er svartfiolette, og vert mest nytta sylta.

Kvit morbær, Morus alba, stammer frå Kina, men har vore dyrka i middelhavslanda sidan 1200-talet. Det har ikkje så god frukt som det svarte, men er eit særs viktig nyttetre ved silkeavlen.

  • «Morbær» (23. januar 2013). I Store norske leksikon. Henta 5. juli 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]