Hopp til innhald

Mordechai Vanunu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mordechai Vanunu

StatsborgarskapIsrael, Marokko
Fødd13. oktober 1954 (71 år)
Marrakech
Yrketeknikar, aktivist, varslar
Språkhebraisk
Politisk partiMaki
Religionkristendom, Den anglikanske kirke[*]
EktefelleKristin Joachimsen
Nettstadhttps://www.vanunu.com/
Mordechai Vanunu på Commons

Mordechai Vanunu (fødd 13. oktober 1954) er kjend som ein israelsk kjernefysikar og varslar som i 1986 avslørde Israel sitt atomvåpenprogram og at Israel hadde slike våpen.

Vanunu var fødd i Marrakesh i Marokko av jødiske foreldre (faren var rabbinar). Han var i England då avsløringa kom, men då den israelske etterretningstenesta Mossad fekk vite om dette, sette dei opp ei honningfelle for han i Roma,[1] der han vart neddopa og teken til Israel. I Israel vart han dømd til 18 års fengsel. Han sona desse 18 åra, med 11 av dei i isolasjon. Då han kom ut frå fengselet, hadde han framleis avgrensa fridom. Han kunne mellom anna ikkje snakke med utlendingar, og for brot på denne regelen vart han i juli 2007 dømd til nye 6 månader i fengsel.

Mordechai Vanunu

I 2015 gifta Vanunu seg med norske Kristin Joachimsen, og dei to søkte om familiegjenforeining i Noreg. Det skulle likevel gå to år før dei fekk positivt svar.[2] Den 6. november 2017 søkte Vanunu til Høgsteretten i Israel om oppheving av restriksjonane som hindra attforening med ektefellen i Noreg. Dette var den tolvte gongen han søkte, men det vart likevel avslag.[3] Nytt avslag kom i juni 2018.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «M I D - E A S T R E A L I T I E S - LIE OF THE WEEK», www.middleeast.org, henta 19. oktober 2018
  2. «Atomvarsler Mordechai Vanunu får familiegjenforening i Norge» (på norsk). 29. september 2017.
  3. «Israel's Damnation and Living Death of Vanunu Mordechai, Nuclear Whistleblower - The Arab Daily News», thearabdailynews.com (på engelsk), henta 19. oktober 2018
  4. «Mordechai Vanunu and 32 years of Security Risks - The Arab Daily News», thearabdailynews.com (på engelsk), henta 19. oktober 2018