Mordvinske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mordvinsk
Klassifisering: Uralske språk
Vidare inndeling:
Område: Sørvest- og Søraust-Russland
Talarar: Mordvinar
Glottolog: mord1256
Mordvinske språk i det russiske imperiet

Mordvinske språk er ei språkgruppe som omfattar erzia og moksja. Dei mordvinske språka blir snakka i eit stort område, med kjerne i Mordovia i Russland, søraust for Moskva.

Mordvinsk i den uralske språkfamilien[endre | endre wikiteksten]

Mordvinsk er ei av greinene i den uralske språkfamilien, nabogreinene er marisk i aust og austersjøfinsk i vest. Tidlegare vart to andre finskugriske språk, merja og muroma, snakka i området mellom mordvinsk og austersjøfinsk, dei vart assimilert til russisk som ein del av den slaviske ekspansjonen mot nordaust frå området rundt Kiev frå 800-talet og framover. Etter eldre genetisk klassifisering danna mordvinsk og marisk den volgafinske språkfamilien, etter nyare forsking er det ikkje mogleg å rekonstruere noko urspråk for desse to språkgreinene som skil seg frå nokre av nabospråka.

Til skilnad frå til dømes mariarane har ikkje mordvinarane noko eige sams etnonym, dei vil altså sjølv ikkje referere til seg sjølv som mordvinarar eller til språket sitt som mordvinsk, men til enten erzia eller moksja. Ved den russiske folketeljinga i 2002 var det 615 000 menneske som tala erzia eller moksja.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Det mordvinske språkområdet er eit av dei mest utspreidde av alle minoritetsspråka i Russland. Det var den første minoriteten det storrussiske riket la under seg på det som skulle bli erobringsferda austover og sørover i Eurasia, og mordvinarane flykta austover og sørover for å komme seg unna russarane, heilt til områda aust for Volga. Som eit resultat av Stalin sin nasjonalitetspolitikk fekk mordvinarane ein eigen republikk, med Saransk som hovudstad. I og med at mordvinarane bur så spreidd, bur berre ca. ein tredel av mordvinarane i den mordvinske republikken. Erzia- og moksja-talarar finn vi både innanfor republikken og utanfor, Saransk ligg i grenseområdet mellom dei to språkområda.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Dei mordvinske språka er splitta opp i mange dialektar, sjå artiklane om erzia og moksja.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Grammatisk sett skil dei mordvinske språka seg frå dei andre uralske språka på fleire punkt. Dei har objektkonjugasjon, det vil seie at verbet kongruerer ikkje berre med subjektet, men også med objektet. Dei har også bestemtheitsbøying, eit system som minnar om det vi finn i norsk.

Erzia har elleve kasus, moksja har tolv:

Nominativ Genitiv Dativ Ablativ Translativ Illativ Inessiv Elativ Prolativ Lativ Abessiv Kausativ
Erzia мастор масторонь масторонен мастордо масторкс масторс масторсо масторсто масторга мастору масторвтомо -
Moksja мастор масторонь масторти масторда масторкс масторс масторса масторста масторга масторс масторфтома масторонкса

Dei mordvinske språka har, som dei andre uralske språka, ikkje possessivpronomen, i staden bruker dei possessivsuffiks:


1. Pers. Sg. 2. Pers. Sg. 3. Pers. Sg. 1. Pers. Pl. 2. Pers. Pl. 3. Pers. Pl.
Erzia мастором масторт масторзо масторнок масторнк масторст
Moksja масторозе масторце мастороц мастороньке масторонте масторсна


Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Sjå og Mordvinsk språkhistorie

Lydsystemet[endre | endre wikiteksten]

Denne framstillinga byggjer på Berezcki 1988. Det ururalske lydsystemet er relativt lite endra fram til urmordvinsk. Ei endring er at skilnaden mellom korte og lange lukkelydar er endra til ein skilnad mellom ulike lydar, slik at t.d. ururalsk *säppä "galle" har vorte sepe i erzjansk, mens ururalsk *čupa "tynn" har vorte erz. čova.

Av dei korte vokalane i første staving har dei høge vokalane i ururalsk vorte lågare, jf. erz. kev ~ fi. kivi "stein", erz. kel’me ~ fi. kylmä "kald", erz. moda "jord" ~ fi. muta "søle". Låg a blir bevart: erz. kavta ~ fi. kaksi "to", mens ä blir høgare: erz. ked’ ~ fi. käsi "hand".

I utlyd har ururalsk -a, -ä vorte til scha, jf. mordv. parə̑ < ururalsk *para.

Bøyingsverket[endre | endre wikiteksten]

Mordvinsk har tre suffisk som viser fleirtal, t, k, n, Alle tre går attende til ururalsk.

Akkusativ og genitiv (ururals. *-m og *-n) har falle saman i . Ablativ -to, -te, -do, -de (erz.) og -ta, -te, -da, -de (moksj.) representerer ururalsk *-ta, *-tä. Inessiv -so (og vokalisme tilsvarande den for ablativ) og elativ -sto er kombinasjonar av ururalsk lativ *-s og essiv *-na (for inessiv -so) og -ta for elativ -sto. Dei andre kasusa er danna på tilsvarande måte. Dei mordvinske språka har ikkje dei indre og ytre kasusa som austersjøfinsk og permisk har, og har dermed eit mellomstort kasussystem, etter uralsk standard.

Personbøyinga i dei mordvinske språka er meir utbygd enn for noko anna uralsk språk, både for verb- og substantivbøyinga. Utgangspunktet er dei uralske pronomena for 1., 2. og 3. person, *me, *te, *se. Desse blir kombinert med numerussuffiksa til eit system som uttrykker både person og tal for både subjekt og objekt for verba, og for eigar og eigd, for possessivsuffikssystemet for substantiv.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei mordvinske språka er i nær slekt med dei no utdøydde merja og muroma, som vart assimilert av russisk i første halvdel av førre tusenår. Av alle dei uralske folka i Russland er mordvinarane dei som bur mest spreidd, det kjem av at dei var det første attverande folket som kom under den russiske austekspansjonen, frå 1500-talet. Mange flykta austover, slik at dei fleste mordvinarane i dag bur utanfor Mordovia, den mordvinske republikken.

Den første kjelda til mordvinske språk kom så seint som 1838, med Pavel Ornatov sin Mordovskaya Grammatika. Den russiske revolusjonen gav eit enormt oppsving for dei mordvinske språka., med grunnlegginga av mange aviser, tidsskrift og ein nasjonal litteratur. Som ein del av den nasjonale politikken vart det danna ein eigen republikk for mordvinarane, med Saransk som hovudstad. Dei mordvinske språka hadde ein såpass sterk litterær tradisjon på kyrillisk at dei på 1930-talet ikkje rakk å skifte til latinsk før den sovjetiske språkpolitikken skifta kurs. Etter krigen har dei mordvinske språka hatt same utvikling som tilsvarande språk, jf. den sovjetiske språkpolitikken for eit oversyn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
Vestleg litteratur
  • Budenz J. Moksa- és erza-mordvin nyelvtan // Nyelvtudományi közlemények. — Budapest, 1876. — Bd. 13;
  • Paasonen H. Mordwinische Lautlehre. — Helsingfors, 1903;
  • Keresztes L. Geschichte des mordwinischen Konsonantismus. — Szeged, 1986—1987. — Bd. 1—2.
  • Bereczki, Gábor 1988: Geschichte der wolgafinnischen Sprachen. Denis Sinor (red.) The Uralic Languages s. 314-350.
Litteratur utgjeve i Russland
  • Орнатов П. Мордовская грамматика, составленная на наречии мордвы-мокши. — М., 1838;
  • Шахматов А. А. Мордовский этнографический сборник. — СПб., 1910;
  • Евсевьев М. Е. Основы мордовской грамматики. — М., 1928; Очерки мордовских диалектов : в 5 т. — Саранск, 1961—1968;
  • Феоктистов А. П. Очерки по истории формирования мордовских письменно-литературных языков (ранний период). — М., 1976;
Standardverk
  • Грамматика мордовских (мокшанского и эрзянского) языков. Фонетика и морфология. — Саранск, 1962. — Ч. 1;
  • Грамматика мордовских языков: Фонетика, графика, орфография, морфология. — Саранск, 1980;
  • Лексикология современных мордовских языков. — Саранск, 1983;
  • Современные мордовские языки. Фонетика. — Саранск, 1993;
  • Мокшень кяль. Морфология. — Саранск, 2000;
  • Эрзянь кель. Морфология. — Саранск, 2000;