More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain?
Utviklar(ar)Nintendo SPD
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Kouichi Kawamoto
Komponist(ar)Minako Hamano
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjeveJP: 29. desember 2005
EU: 29. juni 2007
NA: 20. august 2007
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain?, kjent i Nord-Amerika som Brain Age 2: More Training in Minutes a Day!, er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det vart utgjeve i Japan i desember 2005 og i 2007 i Europa og Nord-Amerika. Spelet er ein oppfølgjar til Dr. Kawashima's Brain Training: How Old Is Your Brain? Det vart marknadsført som ein del av Touch! Generations-serien, ein serie av spel retta mot grupper som tradisjonelt ikkje speler dataspel. More Brain Training har vore ein kommersiell suksess og har selt over 14 millionar kopiar.[1]

More Brain Training inneheld 100 sudoku-oppgåver, i likskap med forgjengaren.

More Brain Training er i likskap med forgjengaren laga for å spelast i korte økter kvar dag, og inneheld fleire aktivitetar med mål om å stimulere ulike område av hjernen til spelaren. Dei fleste aktivitetane er nye i høve til det førre spelet, og femner mellom anna oppgåver basert på veksling av pengar, pianospel og stein, saks, papir. Spelaren kan samle stempel ved å fullføre øvingar, og berre eitt stempel kan samlast per dag. Når eit fastsett tal på stempel er registrert, blir nye øvingar og funksjonar tilgjengelege i spelet.

Før spelet byrjar, må spelaren lage ein profil og deretter fullføre tre tilfeldige øvingar for at spelet kan avgjere forma til hjernen til spelaren. Denne forma presenterer spelet som ein alder, «Brain Age», som kan spenne frå 20 til 80 år avhengig av korleis spelaren greier seg. Ein alder av 20 år er den lågaste det er mogeleg å oppnå, og indikerer at hjernen til spelaren er like næm som den til ein gjennomsnittleg 20-åring. Etter at spelaren har fått tildelt ein hjernealder, blir tre modi låst opp: Snøgt spel, dagleg trening og sudoku. I snøgt spel kan spelaren øve på tilgjengelege spel utan å få nokon poengsum. I dagleg trening kan spelaren sjekke alderen på hjernen sin eller fullføre tilgjengelege øvingar for å få ein poengsum som blir lagra for den gjeldande dagen. Her finst det også ein meir endefram variant av Dr. Mario, som er tilpassa kontroll med peikeskjerm. I den tredje modusen, sudoku, kan spelaren løyse mellom hundre sudoku-oppgåver.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]