More Than Ever av Blood, Sweat & Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
More Than Ever
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Utgjeve Juli 1976
Sjanger Rock, jazz
Selskap Columbia
Produsent Bob James
Blood, Sweat & Tears-kronologi
In Concert
(1976)
More Than Ever Brand New Day
(1977)


More Than Ever er det niande studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i juli 1976 som det siste albumet deira på Columbia Records. Albumet nådde 165. plassen på Billboard-lista i USA. Det inneheld ein singel som gjekk inn på singellista, «You're the One», som nådde 106. plassen på poplista og sjetteplassen på easy listening-lista.

Endringane i besetninga til bandet heldt fram der Mike Stern erstatta Georg Wadenius på elektrisk gitar, Danny Trifan erstatta Ron McClure på bass, og Forest Buchtell erstatta Joe Giorgianni på trompet. Perkusjonisten Don Alias slutta i bandet, og Mike Corbett kom til på korvokal. Den kjende bassisten Jaco Pastorius, som vart oppdaga av og signert til Epic Records av Bobby Colomby, var ei kort stund i bandet på denne tida, men medverka ikkje på dette albumet.

More Than Ever vart produsert av Bob James, som henta inn studiomusikarar som Steve Khan på gitar, Richard Tee på klaverinstrument, Eric Gale på gitar, Hugh McCracken på gitar og Eric Weissberg på banjo og dobro, i tillegg til vokalisten Patti Austin på korvokal.

Albumet hadde eit uvanleg plateomslag, som berre bestod av eit foto av sjølve vinylplata.

More Than Ever kom ut på ny på CD i 2003 på Wounded Bird og Sony Music.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Bruce Eder skreiv for Allmusic: «For første gongen sidan det andre albumet høyrest gruppa -- med berre trommisen Bobby Colomby att frå originalbesetninga og Bob James som produsent -- modige, entusiastiske og positive ut. Lyden er noko meir R&B-orientert og mindre rocka enn på eldre utgjevingar, som faktisk gjer det heile betre. Syngjestilen til Thomas er noko utdatert, frå ein 60-tals blåaugd soul-tradisjon, som verka malplassert midt i discobølgja i andre halvdelen av 70-talet.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«They»David Clayton-Thomas, William Daniel Smith6:26
2.«I Love You More Than Ever»Allan Langdon, Douglas Lenier5:27
3.«Katy Bell»Stephen C. Foster, Bob James4:27
4.«Sweet Sadie the Savior»Patti Austin4:22
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Hollywood»David Clayton-Thomas, William Daniel Smith3:34
6.«You're the One»David Clayton-Thomas, William Daniel Smith4:54
7.«Heavy Blue»Larry Willis5:23
8.«Saved By the Grace Of Your Love»William Daniel Smith, David Palmer4:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gjestemusikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «'More Than Ever > Review». Allmusic. Henta 11. mai 2020.