Moreakrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moreakrigen
Del av den store tyrkiske krigen
og osmansk-venetianske krigar
Dato 1684-1699
Stad Peloponnes, sørlege Ípiros, Sentral-Hellas, Egearhavet
Resultat Venetiansk siger
Partar
Flag of Most Serene Republic of Venice.svg Republikken Venezia

Flagget til Maltesarordenen Maltesarordenen
Mal:Landdata hertugdømet Savoie
Flag of the Papal States (1808-1870).svg Kyrkjestaten
Cross of saint stephen.svgSt. Stefan-ordenen
Flag of Himara.JPG Himariotar
Mani Flag (Greece).svg Maniotar
+andre Greske opprørarar

lenkje={{{namn}}} {{{namn}}}
Kommandantar
Francesco Morosini
Otto Wilhelm Königsmarck
Ismail Pasha
Mahmud Pasha

Moreakrigen er det meir kjende namnet for den sjette osmansk-venetianske krigen. Krigen vart utkjempa mellom 1684–1699, som ein del av den større konflikten kjend som den store tyrkiske krigen mellom Republikken Venezia og Det osmanske riket. Kamphandlingane vart utførte frå Dalmatia til Egearhavet, men det store felttoget i krigen var den venetianske erobringa av Morea (Peloponnes) sør i Hellas. På den venetiansk sida vart krigen kjempa for å hemne tapet Kreta i Kretakrigen (1645–1669), medan osmanarane innvikla i dei nordlege grensekampane mot Habsburgmonarkiet og kunne ikkje konsentrere styrkane sine mot Republikken. Slik sett er Moreakrigen den einaste av dei osmansk–venetianske konfliktane der Venezia stod som sigerherre og vann store landområde. Gleda over dei nye landområda vart kortvarige, sidan dei tapte alt dette til osmanarane i 1715.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kart over det søraustlege Europa kring 1670.

Venezia hadde halde fleire øyar i Egearhavet og Det joniske havet, i lag med strategisk viktige plasserte fort langs kysten av det greske fastlandet sidan oppdelinga av Austromarriket etter det fjerde krosstoget. Då Det osmanske riket vart mektigare utover 1500-talet og tidleg på 1600-talet, mista dei mange av desse, som Kypros og Évvia (Negroponte) til tyrkarane. Mellom 1645 og 1669 kjempa venetianarane og osmanarane ein lang og kostbar krigen over det siste store venetianske området i Egearhavet, Kreta. Under denne krigen kom den venetianske kommandanten Francesco Morosini i kontakt med dei opprørske maniotane for å ta Morea i lag. I 1659 gjekk Morosini i land i Morea, og i lag med maniotane tok han Kalamáta. Han vart derimot raskt tvungen attende til Kreta og klarte ikkje å ta Peloponnes.

I 1683 braut det ut ein ny krig mellom Austerrike og osmanarane, og ein stor osmansk arme nådde heilt fram til Wien. Som svar på dette vart Den heilage ligaen skipa. Etter den osmanske armeen vart slått i slaget ved Wien, valte venetianarane å nytte høvet no når den osmanske makta var svekka og oppteken langs fronten ved Donau, og ta attende dei tapte områda sine i Egearhavet og Dalmatia. Den 25. april 1684 erklærte Venezia krig mot osmanarane.[1]

Venezia var klar over at dei måtte stole på sin eigen styrke for å oppnå suksess og var førebudd for krigen ved sikre økonomisk og militær støtte med menn og skip frå Maltesarordenen, hertugdømet Savoie, Kyrkjestaten og St. Stefan-ordenen. I tillegg leigde venetianarane mange leigesoldatar frå Italia og dei tyske statane, særleg Sachsen og Braunschweig,[2] i tillegg til å samle saman folk frå dei eigne områda sine i Italia og Dalmatia. Morosini, hadde utmerkt seg før og hadde stor erfaring med krigføring i Hellas, og vart vald til å kommandere flåten.[3]

Den venetianske offensiven[endre | endre wikiteksten]

Operasjonar i Det joniske havet[endre | endre wikiteksten]

I midten av juni flytta den venetianske flåten seg frå Adriahavet til dei venetianske Joniske øyane. Det første målet var øya Levkáda (Santa Maura), som fall, etter ei kort omleiring på 16 dagar, den 6. august 1684. Venetianarane, med støtte av greske irregulære troppar, kryssa dei så over til fastlandet og starta eit raid på den motståande kysten av Akarnanía. Det meste av området kom raskt under venetiansk kontroll, og forta Préveza og Vónitsa fall seint i september og fjerna dei siste osmanske bastionane.[4] Desse tidlege suksessane var viktige for venetianarane, ikkje berre for moralen, men fordi dei hadde sikra seg kommunikasjonslinjer med Venezia, nekta osmanarane høvet til å truge Dei joniske øyane eller å frakte soldatar via Hellas til Peloponnes, og på grunn av desse suksessane vart grekarane oppmuntra til å samarbeide med dei mot osmanarane.

Erobringa av Morea[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sikra bakpartiet året før, vende Morosini seg mot Peloponnes, der grekarane, særleg maniotane, hadde byrja å syne teikn på opprør og kommuniserte med Morosini, med lovnad om å støtte han. Ismail Pasha, den nye militære kommandanten i Morea, fekk vite om dette og invaderte Mánihalvøya med 10 000 mann, forsterka tre fort som alt hadde garnison, og tvinga maniotane til å gje opp gislar for å sikre seg lojaliteten deira.[5] Som følgje av dette føretok ikkje maniotane seg noko då den venetianske armeen den 25. juni 1685 gjek i land utanfor det tidlegare venetianske fortet Koróni med 8100 mann og kringsette det. Borga overgav seg etter 49 dagar, den 11. august, og garnisonen vart massakrert. Etter denne suksessen, sende Morosini soldatane sine mot byen Kalamáta, for å oppfordre maniotane til opprør. Den venetianske armeen, forsterka av 3300 saksarar og kommandert av general Degenfeld, slo ein tyrkisk styrke på kring 10 000 mann utanfor Kalamáta den 14. september, og mot slutten av månaden var heile Mani og mykje av Messinía under venetiansk kontroll.[6][7]

Návplio, eller Napoli di Romagna, på midten av 1500-talet.

I oktober 1685 trekte den venetianske armeen seg attende til Dei joniske øyane for vinteren, men det braut ut ein pest på øyane, noko som kom til å skje fast dei neste åra, og den venetianske armeen, særleg den tyske kontingenten, vart hardt råka. I april året etter var venetianarane med på å drive attende eit osmansk åtak som truga Mani, og vart forsterka frå Kyrkjestaten og Toscana. Den svenske marskalken Otto Wilhelm Königsmarck vart utpeikt som leiar for landstyrkane, medan Morosini kommanderte flåten. Den 3. juni tok Königsmarck Pýlos, og kringsette festninga i Navaríno. Forsterkingar under Ismail Pasha vart slått den 16. juni og dagen etter overgav fortet seg. Garnisonen og den muslimske folkesetnaden vart transportert til Trípoli.[8] Methóni (Modon) følgde den 7. juli etter effektivt bombardement som øydela murane i fortet. Innbyggjarane her vart òg transporterte til Trípoli.[9] Venetianarane rykte så fram mot Árgos og Návplio, som då var av dei viktigaste byane på Peloponnes. Den venetiansk armeen, kring 12 000 mann, gjekk i land kring Návplio mellom 30. juli og 4. august. Königsmarck gjekk med ein gong til åtak på åsen Palamídi, som var utan forsvarsverk, oppfor byen. Trass i at venetianarane klarte å ta Palamídi, nådde ein 7 000 mann stor osmansk arme under Ismail Pasha Árgos og gjorde stillinga deira vanskeleg. Det første åtaket til venetianarane mot støttearmeen gjorde at dei klarte å ta Árgos og tvinga pasjaen til Korint. Men i to veker frå 16. august vart Königsmarck tvungen til å kontinuerleg drive åtaka til Ismail Pasha bort, kjempe mot utfalla frå den kringsette osmanske garnisonen, samtidig som styrkane hans vart råka av eit nytt pestutbrot. Den 29. august gjekk Ismail Pasha til åtak på den venetianske leiren, men vart grundig slått. Med tapet av støttearmeen, vart Návplio tvungen til å overgje seg den 3. september.[10] Meldingar om denne store sigeren vart møtt med glede og feiring i Venezia. Návplio vart den store basen til venetianarane, medan Ismail Pasha trekte seg attende til Akhaía etter å ha forsterka garnisonane i Korint, som kontrollerte passasjen til det sentrale Hellas.[11]

Trass i at styrkane til Morosini vart råka av pest hausten og vinteren 1686, vart dei forsterka av eit nytt tysk korps av leigesoldatar frå Hannover våren 1687. Med denne forsterkinga klarte han å gå imot den siste store osmanske bastionen på Peloponnes, byen Pátra og fortet i Río i Hellas, som i lag med fortet i Andírio kontrollerte inngangen til Korintbukta («vesle Dardanellane»). Den 22. juli 1687 gjekk Morosini med ein styrke på 14 000 mann i land utanfor Pátra, der den nye osmanske kommandanten, Mehmed Pasha, hadde etablert seg. Mehmed hadde ein om lag like stor arme, og gjekk til åtak på den venetianske styrken så snart dei gjekk i land, men vart slått og tvungen til å gjere retrett. På dette tidspunktet spreidde panikken seg hos dei osmanske styrkane og venetianarane klarte i løpet av eit par dagar å ta citadellen i Pátra og forta i Río, Andírio og Návpaktos (Lepanto) utan motstand, sidan garnisonane var tomme. Dette førte til ny glede i Venezia og stor ære for Morosini og offiserane hans. Morosini fekk sigerstittelen «Peloponnesiacus», og ei bronsebyste av han vart plassert i Storhallen, noko som aldri før var gjort for ein levande borgar.[12] Venetianarane følgde opp denne suksess med å redusere dei siste osmanske bastionane på Peloponnes, inkludert Korint, som vart okkupert den 7. august,[13] og Mystrás, som overgav seg seinare same månad. Peloponnes var under total venetiansk kontroll, og berre forta i Monemvasiá (Malvasia) søraust heldt fram motstanden, og heldt ut til 1690.[14]

Felttoget mot Aten og Negropont[endre | endre wikiteksten]

Stikk som syner den venetianske omleiringa av Akropolis i Aten i september 1687. Trajektorien til granaten som trefte Parthenon og førte til at denne eksploderte er markert.

Etter desse sigrane hadde reinska Peloponnes for tyrkiske styrkar, valte Morosini å fortsetje inn i Sentral-Hellas, særleg mot dei osmanske skansane i Thíva og Khalkída (Negropont). Så den 21. september 1687, gjekk armeen til Königsmarck, med 10 750 mann, i land ved Elevsína, medan den venetiansk flåten gjekk inn til Pireus. Tyrkarane evakuerte raskt Aten, men garnisonen og mange av innbyggjarane trekte seg attende til den gamle Akropolis. Den venetiansk armeen kringsette Akropolis dei neste seks dagane (23.-29. september) og øydela mykje av dei gamle monumenta. Osmanarane øydela først tempelet til Athena Nike for å reise eit kanonbatteri, men den viktigaste øydelegginga var av Parthenon. Tyrkarane nytta tempelet som ammunisjonslager og då ei granat trefte bygningen kvelden den 26. september 1687, førte eksplosjonen til at taket og dei fleste veggane av tempelet vart øydelagde.[15]Trass i dei enorme øydeleggingane som eksplosjonen førte ti og dei 200 mennene som mista livet, heldt tyrkarane fram å forsvare fortet fram ein osmansk støttestyrke frå Thíva vart driven attende den 28. september. Garnisonen kapitulerte med vilkår om at dei skulle verte transporterte til Smyrna.[16]

Trass i at Aten fall, var ikkje stillinga til Morosini sikker. Osmanarane samla ein arme ved Thíva og kavaleriet deira kontrollerte effektivt Attikí, og venetianarane måtte helde seg kring Aten. I desember reiste ein 1400 mann stor kontingent frå Hannover heim att, og styrken vart noko ein gong råka av pest på vinteren.[17] Venetianarane vart derfor tvungen til å trekkje seg attende til Peloponnes i april. Venetianarane tok med seg mange monument, som Pireusløva, som i dag står ved inngangen til Det venetianske arsenalet. Då Morosini trekte seg bort, flykta fleire tusen grekarar, som frykta hemn frå tyrkarane, til Peloponnes og naboøyane.[18]

Venetiansk medalje frå 1688, slått til ære for erobringa til Morosini av Morea og at han vart valt som Doge av Venezia

I juli 1688 gjekk Morosini, som no var valt til den nye Dogen av Venezia, i land ved Khalkída (Negroponte) og kringsette byen. Venetianarane hadde samla ein stor styrke, 13 000 soldatar og i tillegg 10 000 mann i flåten, mot den osmanske garnisonen på 6 000 mann, som gav dei hard kamp. Den venetianske flåten klarte ikkje å lage ein effektiv blokade av byen, slik at styrkane til Ismail Pasha, over Evripossundet, klarte å frakte forsyningar til den kringsette borga. Venetianarane og deira allierte vart påførte store tap, særleg frå nok eit pestutbrot, inkludert general Königsmarck, som døydde av pesten den 15. september. Etter eit siste åtak den 12. oktober, som vart eit kostbart nederlag, måtte Morosini innsjå at han var slått.[19] Den 20. oktober, forlet den venetiansk armeen, som hadde tapt kring 9 000 mann, Évvia og sette mot Argos. Nederlaget ved Negropont fekk store følgjer for den venetiansk leiren. Dei gjenverande tyske leigesoldatane forlet området tidleg i november. Morosini prøvde eit mislukka åtak på Monemvasia i 1689, men den skrantande helsa hans tvinga han attende til Venezia kort tid etter.[20] Dette markerte slutten på det venetiansk herredømet og starten på fleire suksessrike, om til slutt ikkje avgjerande, osmanske motåtak.

Osmanarane slår attende[endre | endre wikiteksten]

Dei mange nederlaga i Ungarn og Peloponnes fekk store følgjer i Konstantinopel. Sultan Mehmed IV vart avsett i 1687 til fordel for broren hans, Suleiman II. Sjølv om han opphavleg ønskte fred, førte utbrotet av niårskrigen i 1688, og at austerrikarane då sende styrkane sine mot Frankrike, til at osmanarane ønskte å halde fram krigen. Under den dugande leiarskapen til den nye storvesiren, Köprülü Fazıl Mustafa Pasha, gjekk osmanarane over til motåtak.[21] Hovudinnsatsen var derimot retta mot Austerrike, og osmanarane klarte aldri å sette av nok mann til å ta attende dei venetiansk områda.

Kamphandlingane til Limberakis Gerakaris[endre | endre wikiteksten]

I 1688 bad tyrkarane om støtte hos den frykta maniot-sjørøvaren Limberakis Gerakaris, som dei hadde i fengsel i Konstantinopel. Han vart sleppt laus og som «Bey av Mani», fekk han rekruttere ein styrke på eit par hundre mann og slo seg saman med den osmanske armeen i Thíva.[22] Gerakaris skulle spele ei viktig rolle seinare i krigen, sidan motet hans og dei øydeleggjande raida mot dei venetianske områda vart ein stor trussel som Republikken stadig måtte nytta ressursane sine på.

På den tida låg det eit stort ingenmannsland over Sentral-Hellas, mellom dei osmanske skansane i aust og dei venetianske områda i vest. Mykje av fjellområdet i Fokída og Evrytanía var i hendene på krigarbandar av grekarar, albanarar og dalmatiarar som hadde desertert frå den venetianske armeen. Gerakaris prøvde først å overtale desse gruppene om å gå in i osmansk teneste, men utan suksess. I 1689 utførte han det første raidet sitt mot Mesolóngi, med ein blanda styrke på 2 000 tyrkarar, albanarar og grekarar. Året etter sveipte dei osmanske styrkane gjennom det sentrale Hellas, og sjølv om dei vart driven attende ved Návpaktos (Lepanto), klarte dei å gjenopprette osmansk kontroll over dei indre områda.[23] Samstundes tok venetianarane Monemvasiá, og fjerna dermed den siste osmanske bastionen på Morea.

I 1692 var Gerakaris i front av ein osmansk invasjon av Peloponnes. Han tok Korint og prøvde å kringsette Akrokorint og Árgos utan hell, før han vart tvungen til å trekkje seg attende då venetianarane fekk forsterkingar. Etter fleire invasjonar av Peloponnes i 1694 og 1695 gjekk Gerakaris mot den venetianske leiren. Den brutale og grufulle handsaminga av den sivile folkesetnaden vart ikkje tolerert av Venezia, og etter den brutale plyndringa av Árta i august 1696, vart Gerakaris arrestert og sett i fengsel i Brescia.[24]

Operasjonar i Epirus og venetiansk åtak på Kreta[endre | endre wikiteksten]

I eit forsøk på å støtte grekarane frå Himara, som hadde gjort opprør mot tyrkarane, og etter noko suksess nord i Albania og Montenegro, sette den venetiansk flåten i gang eit åtak mot den osmanske hamna og festninga i Adriahavet, Valona (Vlorë). Omleiringa, som varte frå 11.-18. september, vart ein suksess og førte til at det spreidde seg eit opprør i området. I 1691 klarte derimot osmanarane å setje i gang eit massivt motåtak i området, og den 14. mars hadde dei igjen kontroll over området.[25]

I 1692 gjekk ein venetiansk flåte under Domenico Mocenigo til åtak på Kreta og krigsette hovudstaden Candia (Iráklio), samstundes som dei kristne på øya gjorde opprør mot osmanarane. Trass i dette mislukkast dei i å ta attende Kreta. Osmanarane klarte til og med å ta den venetiansk festninga på øya Gramvoúsa ved hjelp av høgforræderi.

Det siste året av krigen[endre | endre wikiteksten]

I håp om å gje ny styrke til venetianarane, reiste Morosini sjølv attende til Morea i 1693. Alderen hans gjorde derimot at han ikkje fekk vise det han kunne på ny, og den 16. januar 1694 døydde han i Návplio. Etterfølgjaren hans Zeno leia ein ekspedisjon mot den rike øya Khíos, mot rådet til offiserane sine, utanfor kysten av Vesleasia. Øya vart lett teken, men det tyrkiske motåtaket kom raskt og massivt. Eit dobbelt sjøslag nær Inoússesøyane i februar 1695 førte til venetiansk nederlag, og tvinga ei audmjukande venetiansk tilbaketrekking frå Khíos.[26]

Osmanarane ønskte å invadere Morea igjen, men vart slått av general Steinau og driven attende til basen sin i Thíva. Samstundes klarte Steinau å føre Gerakaris over på den venetianske sida.[27]

Marineoperasjonar i Egearhavet[endre | endre wikiteksten]

Det var fleire sjøslag mellom dei to flåtane, som ved Lesbos i 1690, ved Ándros i 1696, ved Límnos i juli 1697, og ved Samothráki i 1698, men dei var i stor grad uavgjort og endra ikkje maktbalansen mellom styrkane.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Freden i Karlowitz, signert i januar 1699, stadfesta dei venetiansk eigedomane i Kefalonia, og Morea med øya Aigina, som vart organisert som «Kongedømet Morea» (italiensk Regno di Morea), delt inn i fire provinsar: Romania, med sete i Návplio (Napoli di Romania), Laconia (Lakonía), med sete i Monemvasiá (Malvasia), Messenia (Messinía), med sete i Navaríno, og Achaea (Akhaía), med sete i Pátra (Patrasso). Krigen hadde derimot skapt ei demokratisk og økonomisk krise på Peloponnes.[28] I følgje den første folketeljinga til venetianarane var det 86 468 menneske på halvøya samanlikna med kring 200 000 før krigen braut ut.[29] Venetianarane klarte å gjeninnføre noko velstand og folketalet steig visstnok til kring 250 000 i 1708, truleg på grn av stor innflytting[29] – men dei klarte likevel ikkje å vinne truskapen til dei gresk-ortodokse innbyggjarane, som var vand med relativt sjølvstyre under tyrkarane og ikkje likte det venetianske byråkratiet. Venetianarane bygde òg mange festningsverk rundt om på Morea, som ein framleis kan sjå i dag. Likevel var Venezia for svak til å utføre styringa effektivt av området, og eit osmansk felttog i 1715 tok attende heile Morea.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Morean War» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.
  • History of the Hellenic Nation, Vol. XI, Ekdotiki Athinon 1975
  • Finlay, George (1856). The History of Hellas under Othoman and venetiansk Domination. London: William Blackwood and Sons. 
  • Chatziaslani, Kornilia. «Morosini in Athens». Archaeology of the city of Athens. http://www.eie.gr/archaeologia/En/chapter_more_8.aspx. 
  • McGowan, Bruce (2010). Economic Life in Ottoman Europe: Taxation, Trade and the Struggle for Land, 1600-1800. Cambridge University Press. ISBN 9780521135368. 
  • Setton, Kenneth Meyer (1991). Venice, Austria, and the Turks in the Seventeenth Century. DIANE Publishing. ISBN 0871691922. 
  • Vakalopoulos, Apostolos E. (1973). Ιστορία του νέου ελληνισμού, Τόμος Δ′: Τουρκοκρατία 1669–1812 [History of modern Hellenism, Volume IV: Turkish rule 1669–1812]. Thessaloniki: Emm. Sfakianakis & Sons. 
  1. Finlay, s. 205-206
  2. Finlay, s.210-211
  3. History of the Hellenic Nation, s. 19
  4. Finlay, s. 209
  5. Finlay, s. 211-212
  6. History of the Hellenic Nation, s. 23
  7. Finlay, s. 213-214
  8. Finlay, s. 215-216
  9. Finlay, s. 216
  10. Finlay, s. 218
  11. History of the Hellenic Nation, s. 24
  12. Finlay, s. 220
  13. Finlay, s. 221
  14. History of the Hellenic Nation, s. 25-26
  15. History of the Hellenic Nation, s. 27-28
  16. Finlay, s. 223
  17. Finlay, s. 224
  18. History of the Hellenic Nation, s. 29
  19. Finlay, s. 227-228
  20. History of the Hellenic Nation, s. 29-30
  21. L.S. Stavrianos, The Balkans since 1453, s. 174
  22. Finlay, s. 230-231
  23. Finlay, s. 231
  24. History of the Hellenic Nation, s. 32
  25. History of the Hellenic Nation, s. 31-32
  26. Finlay, s. 232
  27. Finlay, s. 233
  28. Finlay, s. 234
  29. 29,0 29,1 McGowan (2010), s. 91