Morecambe Bay

Koordinatar: 54°07′N 3°00′W / 54.117°N 3.000°W / 54.117; -3.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morecambe Bay ved fjøre frå Hest Bank, i retning mot Grange-over-Sands.

Morecambe Bay er ei stor bukt nordvest i England, nesten rett aust for Isle of Man og like sør for Lake District nasjonalpark. Det er det største tidvassområdet med slamflater og sand i heile Storbritannia, og dekkjer eit område på 310 km².

Elvane Leven, Kent, Keer, Lune og Wyre renn alle ut i bukta, og dei forskjellige estuara dannar fleire halvøyar i bukta, som Humphrey Head.

Det meste av landområdet rundt bukta er drenert, og marskland er omgjort til jordbruksområde. Morecambe Bay er òg ein viktig stad for dyreliv, med eit rikt fugleliv og variert sjøliv. Det ligg eit fugleobservatoriumWalney Island.

Bukta er vidgjeten for kvikksanden her og tidvatnet som flyttar seg raskt. Det vert mellom anna sagt at tidvatnet «kjem like raskt som ein hest spring». I 2004 drukna 21 ulovelege innvandrarar frå Kina då dei var her og plukka hjartemuslingar.[1]

I fleire hundreår er det vorte utnemnt lokale guidar for å krysse bukta. Vanskane med å krysse bukta har ført til at landområda på nordsida vart isolerte på grunn av fjellområda i Lake District. Ein kunne derfor berre nå desse områda ved å gå på sanden over bukta, eller ta ferje, fram til Furness-jernbanen vart bygd i 1857. Denne går langs kanten av bukta, og kryssar dei forskjellige elvane. London-Glasgow-banen går òg eit kort stykke langs bukta.

Busetnader ved bukta[endre | endre wikiteksten]

Det bur kring 320 000 menneske langs kysten av Morecambe Bay,[2] og mange av desse i byane i tabellen under. Den største byen ved bukta er Barrow-in-Furness, som ligg på nordvestsida. Byen Morecambe er kalla opp etter bukta, og har kring halvparten av innbyggjartalet til Barrow-in-Furness. Her finst mange turistdestinasjonar, medan havet er ei viktig næring for Barrow.

Morecambe Bay frå Ulverston
By Grevskap Folketal
Barrow-in-Furness Cumbria 59 256
Morecambe Lancashire 45 000
Fleetwood Lancashire 26 840
Ulverston Cumbria 11 210
Heysham Lancashire 6500
Grange-Over-Sands Cumbria 4000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Channel 4-dokumentaren 'Ghosts'
  2. Neighbourhood Statistics: Morecambe Bay (Primary Care Organisation), arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 16. desember 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

54°07′N 3°00′W / 54.117°N 3.000°W / 54.117; -3.000