Morellfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Morellfestivalen er ein festival som vert halden siste helga i juli på Lofthus i Hardanger. Festivalen vart starta opp i 1996 og har vorte skipa kvar sommar sidan då.

Hovudgrunnen til oppstarten var å fremja kunnskap om morelldyrkinga i Ullensvang. Festivalen skulle vera eit samarbeid mellom fagdyrkarmiljøet, heradet, ymse organisasjonar og einskildpersonar.

Noregsmeisterskap i morellsteinspytting[endre | endre wikiteksten]

Hovudtrekkplasteret heilt frå oppstarten av festivalen har vore NM i morellsteinspytting. Det vert her konkurrert i 3 klassar: junior, kvinner og menn. Det fyrste året spytta Ronny Boge frå Strandvik i Fusa kommune ein morellstein 9,8 meter. Den noverande rekorden er i herreklasse. Innehavar er Sverre Kleivkås, som spytta heile 14,24 meter. Sigurd Sollien er tradisjonelt programleiar for NM i morellsteinspytting.

Program[endre | endre wikiteksten]

På festivalområdet vert det kvart år sett opp mange salsboder, der ein m.a. kan få kjøpt matprodukt laga av frukt og moreller. Elles kan ein få helikopterturar av Fonnafly, konsertar, auksjon, kåring av beste sider og vin og stand up-galla i tillegg til den årvisse morellsteinspyttinga.

I 2006 fekk festivalen eit nytt innslag med sykkelrittet Sørfjorden Rundt. Det året var det Nils Magne Hagen som vann.

Festivalen har opp igjennom åra fått besøk av mange norske kjendisar. Frithjof Wilborn har vore konferansier i fleire år, Kjell Fuglehaug har drive auksjon, Per Inge Torkelsen har hatt trylleshow og kokkane Frode Aga, Lars Barmen og Hans Robert Bruun har vore med og laga mat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Morellfestivalen