Moresbyøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moresbysøya)
Moresbyøya
øy
Land  Canada
Provins British Columbia
Del av Haida Gwaii
Areal 2 608 km²
Folketal 402
Kart
Moresbyøya
52°25′00″N 131°30′00″W / 52.416666666667°N 131.5°W / 52.416666666667; -131.5
Kart over det vestlege British Columbia, med Moresbyøya sør for Grahamøya
Kart over det vestlege British Columbia, med Moresbyøya sør for Grahamøya
Kart over det vestlege British Columbia, med Moresbyøya sør for Grahamøya
Wikimedia Commons: Moresby Island (Haida Gwaii)

Moresbyøya (engelsk Moresby Island) er ei 3 399 km² stor øy som er del av Haida Gwaii i provinsen British Columbia i Canada. Øya ligg, saman med fleire nærliggande små øyar og holmar, i den sørlege delen av øygruppa. Ved folketeljinga i 2006 budde 402 personar på øya. Nesten alle innbyggarane held til i Sandspit, på nordaustspissen av Moresbyøya. Øya er skilt frå Grahamøya i nord av eit trongt sund.

Moresbyøya er kalla opp etter ein britisk admiral, Fairfax Moresby.[1]

Øya er del av Gwaii Haanas National Park Reserve and Haida Heritage Site.

27. oktober 2012 råka eit jordskjelv med ein magnitude på 7,7, det sterkaste jordskjelvet i Canada sidan 1949, området. Episenteret var 17,5 kilometer (10,9 mile) under øya.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BC Geographical Names», apps.gov.bc.ca, henta 2. juni 2022 
  2. U.S. Geological Survey 28. oktober 2012 Haida Gwaii earthquake