Morgenstierne & Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Morgenstierne og Eide)
Markveien 57 i Oslo, tidlegare hybelhus for menn. Morgenstierne & Eide fekk Houens fonds diplom for dette arbeidet i 1923.
Foto: Mahlum

Morgenstierne & Eide var eit norsk arkitektfirma skipa i Oslo i 1909 av arkitektane Christian Morgenstierne og Arne Eide.[1]

Firmaet stod bak fleire prosjekt med mellom anna sosial boligbygging, til dømes hagebyane Arctanderbyen og Hasleby på Frydenberg i Oslo.[2]Dei har òg laga sentrumsplanane for dei nye industriplassane Tyssedal, Glomfjord og Høyanger.

Morgenstierne & Eide teikna mellom anna Torggata Bad, Folketeatret, Bredtvedt læreheim for unge lovovertredere, det seinare Bredtveit fengsel forvarings- og sikringsanstalt og Røde Kors-klinikken i Oslo.[2]

I 1918 fekk dei Sundts premie for Kristinelundveien 20 i Oslo og i 1923 Houens fonds diplom for eit kommunalt losjihus for menn.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk kunstnerleksikon, band 2, H-M, Oslo: Universitetsforlaget, 1983, om Christian Morgenstierne på s.966 digital utgåve
  2. 2,0 2,1 Morgenstierne & Eide frå Arc! ved Geir Tandberg Steigan (Vitja 20. januar 2014)
  3. Sundts premie Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. frå Norske arkitekters landsforbund (Vitja 20. januar 2014)
  4. Houens fonds diplom Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. frå Norske arkitekters landsforbund (Vitja 20. januar 2014)