Morgonpunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Morgonpunkt eller austpunkt er det austlege skjeringspunktet mellom himmelekvator og horisonten. Det diametralt motsette punkt i horisonten vert kalla aftanpunktet. Ved jamdøgn står sentrum av solskjeva i ekvator, og sola står følgeleg (når ein ser bort frå refraksjonen) opp i austpunktet og går ned i vestpunktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]