Morkaåstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Morkaåstunnelen er ein tunell på Fylkesveg 653. Den er ein del av Eiksundsambandet og vart opna for vanleg trafikk då Eiksundsambandet vart opna 23. februar 2008. Tunellen er 630 m lang, og går frå Ytrestøyl til Furene i Volda. Som det framgår av namnet går tunellen under Morkaåsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vegvesenet si side om Eiksundsambandet vitja 15. mai 2009[daud lenkje]