Morkensteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av Wilhelm Frimann Koren Christie frå 1842

Morkensteinen var ein runestein frå garden Morken, som ligg ca. to kilometer søraust for Manger kyrkje ved Radøyveien i Radøy kommune i Hordaland.

Steinen vart første gong skildra av Frantz Wolf i 1810, som fortel at han stod «i en Biergkløft». Seinare vart steinen studert av både Wilhelm F.K. Christie og biskop Jacob Neumann. I 1868 fortel Nicolay Nicolaysen at steinen ca. 20 år tidlegare var vorten slegen i stykke og brukt til å byggja ein potetkjellar. Ingen har sidan funne noko spor etter steinen. Med Christies teikning som basis har språkforskaren Magnus Olsen tolka innskrifta:

pal reist runar þesar umþrinink

På norrønt vert det Páll reist runar þessar um þrining.

På moderne norsk vert det «Pål reiste desse runene ved Trinitatis» (dvs. treeiningssundag; første sundag etter pinse.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]