Morna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cesária Évora var en kjent morna-sanger.

Morna er ein musikksjanger som stammar frå Kapp Verde. Musikkstilen liknar bossa nova og fado,[1] men er også karakterisert som ei form for blues.[2] Som fado er morna prega av ein melankolsk, nostalgisk lengt, kalla sodade på Kapp Verde og saudade i Portugal.

Ei morna-gruppe.

Mornamusikk har vanlegvis tekst på Kapp Verde-kreol, og nyttar instrument som strengeinstrumentet cavaquinho, klarinett, trekkspel, fiolin, piano og gitar. Morna blir brukt som dansemusikk til pardans.

Songaren Cesária Évora bidrod til å gjera morna kjend internasjonalt, og hennar største hit var songen «Sodade». Ein ny generasjon musikarar inkluderer Mayra Andrade og Sara Tavares, som begge blei påverka av Évora.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lavteknologisk musikk med technotempo», Jungeltelegrafen, NRK.
  2. «Singer Cesaria Evora dies at the age of 70», BBC News, 17. desember 2011, henta 8. mars 2019 
  3. Pareles, Jon (18. desember 2011). «Cesária Évora, Queen of Morna Singing, Dies». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta 28. mai 2017. 
  4. Denselow, Robin (11. mars 2014). «Mayra Andrade review – languid world music, with jazz excursions». The Guardian (engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 28. mai 2017.