Morse Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°5′S 36°56′W
Morse Point
nes
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°5′S 36°56′W
Morse Point is located in Antarktis
Morse Point (Antarktis)

Morse Point er eit nes på austsida av innløpet til Antarctic Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Neset vart grovt kartlagd på kart frå kring 1900. Det vart grovt kartlagd av mannskap på Discovery Investigations i perioden 1925-31, og kartlagd på ny av South Georgia Survey, 1951-52. Det vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter den britiske selskuta «Morse», som arbeidde i Sør-Georgia i 1799-1800. Dette var truleg den første britiske selskuta som arbeidde her. Ho arbeidde ut frå Antarctic Bay då dei møtte Edmund Fanning, som publiserte ei skildring av møtet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Morse Point» (innhald frå Geographic Names Information System).