Morten Abel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Abel

Fødd15. oktober 1962 i Bodø
FødestadBodø
FødenamnMorten Abel Knutsen
OpphavNoreg
Aktiv1980–
SjangerPop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarMods, The September When, Peltz
PlateselskapEMI
PrisarSpellemannprisen for årets hit, Stavanger Aftenblads kulturpris, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets popsolist, Juryens hederspris i Spellemannprisen

Morten Abel Knutsen (fødd 15. oktober 1962) er ein norsk popsongar, musikar og komponist. Abel er fødd og oppvaksen i Bodø, men har budd i Stavanger sidan han var 15 år gamal.

Han vart først kjend som vokalist i Stavanger-gruppa Mods1980-talet, då spesielt for songen «Tore Tang». Seinare var han seinare med på å starte The September When. Han har òg spelt i gruppa Peltz, før han starta ein suksessrik karriere som soloartist i 1997.

Morten Abel har hatt stor suksess som artist i Noreg, mellom anna vart han «Årets spellemann» både i 1993 og 2001. Det sistnemnde året vann han også to andre spellemannprisar for albumet I'll Come Back and Love You Forever. Abel vann også Gammleng-prisen i 2002 i klassen pop. Til saman, når ein ser på både band og solokarriere, har han selt over éin million album.[1]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Abel på scena under Stavernfestivalen 2016
Foto: Tore Sætre

Mods[endre | endre wikiteksten]

  • Revansj, 1981
  • Amerika, 1982
  • Time Machine, 1984

The September When[endre | endre wikiteksten]

  • The September When, 1989
  • Mother I've Been Kissed, 1991
  • One Eye Open, 1993
  • HuggerMugger, 1994
  • Absolute The September When - Prestige de la Norvegè 1989-96, 1996 (samlealbum)
  • The Best Of TSW, 2002 (samlealbum)

Peltz[endre | endre wikiteksten]

  • Coma, 1996

Soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • Snowboy, 1997
  • Here We Go Then, You And I, 1999
  • I'll Come Back And Love You Forever, 2001
  • Being Everything, Knowing Nothing, 2003
  • Morten Abel, 2004 (dobbelt samlealbum)
  • Give Texas Back To Mexico, 2005 (samlealbum, berre gjeve ut i Sverige)
  • Some Of Us Will Make It, 2006
  • I fullt alvor (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er hvem?, s.18