Morten Edvard Robertsen-Strømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Edvard Robertsen-Strømme
Fødd 19. januar 1857
Død

11. juli 1930 (73 år)

Morten Edvard Robertsen-Strømme (19. januar 185711. juli 1930) var ein norsk lærar, organist og forfattar.

Robertsen-Strømme var fødd i Bø i Vesterålen. Han var son til Robert Mortensen (1831-1912) og Mette Kristina Robertsen (1831-1918). Han gifta seg i 1880 med Andrea Vilhelmine Martinussen (1858-1926) frå Straumsjøen.

Robertsen-Strømme gjekk ut av Tromsø Seminarium i 1878. Han var lærar i Gimsøy frå 1879 til 1891. Deretter var han lærar i Øksnes, før han i 1894 blei tilsett som lærar i Bø i Vesterålen, og i 1909 blei han også organist ved Bø kyrkje.[1] Han søkte avskil som lærar i 1924, men heldt fram som organist.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Nordafor folkeskikken, eit folkelivsbilæte frå Nordland – ved R.S, 1914. 150 sider (Nynorsk) [4]
  • Gamalt løgje ut og nord med havet : av ein nordlending – 1917. 228 sider (Roman) (Nynorsk) [2]
  • Slektskap og anna i Bø – John Griegs boktr.: Bergen 1926. 114 sider (Nynorsk) [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anna Lindhjem: Norges orgler og organister til og med 1914, side 76. Skien 1916 [1]
  2. Kari Pålsrud: Nordnorsk skjønnlitteratur : en bibliografi" Nordnorsk Magasin/Nordnorsk forfatterlag. 1979 [2]
  3. Arne Gallis: Nynorsk boklista : skrifter i bokform paa norsk : bygdemaal og landsmaal. 4 : 1926-1935 (med tillegg) – Det Norske Samlaget, Oslo 1942, side 199 [3]