Morten Eilifsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Eilifsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1984
Noreg
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Morten Eilifsen (fødd 6. januar 1984)) er ein norsk, tidlegare langrennsløpar som representerte Henning Skilag. Han vart dobbelt noregsmeister i langrenn i 2008, med gull på 15 km og 30 km.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Eilifsen debuterte i mars 2006 i verdscupen i langrenn og vart nummer 52 på femmila i Holmenkollen. Den neste verdscupdeltakinga fann stad på Beitostølen 24. nobember 2007, der han gjekk 15 km fristil. Han kom på niandeplass og tok dermed sine første verdscuppoeng. Dette vart hans beste individuelle verdscupplassering. Seinare i sesongen var han med på å vinne ein verdscupstafett i Falun, han gjekk tredjeetappen for Noregs andrelag som etter spurten sigra føre Noregs fyrstelag og Tsjekkia.

Under NM på ski 2008 overraska han og vart noregsmeister både på 15 kilometer og 30 km, og vann Kongepokalen. På tremila slo han sølvvinnaren Martin Sundby med 12 sekundar og bronsemannen Petter Northug med 33 sekundar. To dagar seinare brukte han 33.45,7 på 15 km, Ronny Hafsås på sølvplass fekk sluttida 33.49,3. Petter Northug fekk ein nytt NM-bronse etter å ha kome i mål på tida 34.08,9.

Eilifsen la opp som langrennsløpar på toppnivå i 2012.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Nr 10 på 15 km i Meråker
  • 2008: Gullmedalje både på 15 km og 30 km i Trondheim
  • 2009: Nr 6 på 15 km på Gjøvik
  • 2010: Nr 4 på 15 km i Stokke
  • 2011: Bronsemedalje på 50 km i Tromsø

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]