Morten F. Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten F. Nilssen
Fødd31. mai 1871
Drammen
Død25. februar 1946
Billingstad
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Morten Ferdinand Nilssen (31. mai 187125. februar 1946) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Drammen.

Nilssen, som var son til ein stasjonsmeister, vart student frå Kristiania Katedralskole i 1890 og vernepliktig offiser i 1892. Deretter vart han cand.philos. I 1894 og tok eksamen på LandbrukshøgskulenÅs, der han gjekk gjennom begge avdelingane. Dei neste tre åra arbeidde han som assistent ved forsøksstasjonen for plantekultarar ved Landbrukshøgskulen.

I 1899 tok han over som styrar av Smaalenene amts landhusholdningsskole på Berby i Idd. Frå 1902 styrar av Statens hagebruksskule for kvinner på Berby.

Nilssen representerte einmannskrinsen «Ide og Marker», samt partiet Høgre, på Stortinget valbolken 1910-12. Han var medlem av næringskomité nr 1.

Han var innehavar av Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]