Morten Haga Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Haga Lunde
C6F completes visit to Norway 110831-N-IZ292-033.jpg
Fødd20. desember 1960
FødestadOs
Ranggeneralløytnant

Morten Haga Lunde (fødd 20. desember 1960 i Os i Hordaland) er ein pensjonert norsk flyoffiser (generalløytnant). Han var sjef for Etterretningstenesta fra 2016 til 2020. I 2021 vart han tilsett i Norges Rederiforbund.[1]

Lunde er utdanna navigatør frå Luftforsvarets flygeskole og gjennomførte Luftkrigsskulen I og II 1985-87, Forsvarets stabsskole I og II og NATO Defence College i 2002. Han har tenestegjort ved 333 skvadron, 330 skvadron og KNM Tordenskjold og i Luftforsvarsstaben. Han var sjef for 335 skvadron 1994-98 og leia det norske C-130-bidraget til IFOR/SFOR i 1995-97. Han vart utnemnd til oberst i august 2002 og tilsett som sjef for Luftforsvarsstaben/Planavdelingen. 1. august 2003 vart han brigader og tilsett som Luftoperativ inspektør. Han vart utnemnd til generalmajor og tilsett som sjef for Avdeling for operasjoner og beredskapsplanlegging i Forsvarsdepartementet. Lunde vart deretter sjef for Forsvarsstaben/Operasjonsavdelingen og han var frå august 2010 til august 2013 nestkommanderande ved Forsvarets operative hovedkvarter. 23. august 2013 vart han utnemnd til generalløytnant og sjef for Forsvarets operative hovedkvarter.[2]

Han var sjef for Etterretningstenesta fra januar 2016 til august 2020.[3]

20. mars 2017 ble han kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum.[4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Lunde er berar av Forsvarets heiderskross[5], Forsvarsmedaljen med laurbærgren, Politimedaljen med laurbærgren, Forsvarsmedaljen med to stjerner, Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner, Luftforsvarets vernedyktighetsmedalje med tre stjerner, NATO-medaljen (Jugoslavia), Oslo Militære Samfunds hederstegn og Politiets Afghanistanmedalje.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. [1]
  2. «Morten Haga Lunde blir ny sjef for Forsvarets operative hovedkvarter», regjeringen.no, 23. august 2013.
  3. Han er Norges nye etterretningssjef, NRK, 22. mai 2015
  4. «Etterretningssjef er Årets nynorskbrukar». Framtida.no. Arkivert frå originalen 2017-03-21. Henta 20. mars 2017. 
  5. «Sjefsbytte på hovedkvarteret» Arkivert 5. mars 2016 på Wayback Machine., forsvaret.no, 7. oktober 2015.
  6. «Ny operativ toppsjef» Arkivert 10. august 2014 på Wayback Machine., forsvaret.no, 23. august 2013.
  7. «En høyaktuell øvelse » Arkivert 3. april 2015 på Wayback Machine., Forsvaret, 12. mars 2015. Lest 17. mars 2015.