Morten Lambrechts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morten Lambrechts
Fødd 4. oktober 1824, Kristiania
Død 28. mai 1900, Kristiania

Morten Diderik Emil Lambrechts (4. oktober 182428. mai 1900) var ein norsk jurist og politikar. Han var fødd i Christiania, der faren var prokurator, seinare lensmann i Eiker.

Lambrechts vart student frå latinskulen i Drammen i 1840, cand. jur. i 1844. 1846 var han kopist i finansdepartementet, året etter same stilling i indredepartementet. Perioden 1844-57 var han elles ein etterspurd manuduktør. Frå 1853 var han byråsjef i indredepartementet, 1857 konstituert sivildommar i Christiania. År 1866 vart han den fyrste justitiarius i byretten i Christiania. Frå 1872 var han assessor (dommar) i høgsterett, høgsterettsjustitiarius i 1887.

Han var medlem av kongelege kommisjonar; om tilsynet med den private dampskipsfart, i unionskommisjonen 1854 om omordning av konsulatvesenet av kommisjonen om formuestilhøve mellom ektefellar 1873-75. Han var i mange år formann i kontrollkommisjonen for Gaustad asyl.

Lambrechts møtte på Stortinget fyrste gongen den 12. mars 1869, som varamann i staden for Ole Jacob Broch. På stortinga 1871-73, 1874-76 og 1882-84, der han representerte Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger, høyrde han til den konservative retninga, sjølv om han var meir moderat enn hine representantane frå hovudstaden. Han var medlem tollkomiteen i 1869, av protokollkomiteen 1871-76 og Lagtinget, fullmaktskomiteen og næringskomite nr 2 i 1880-82. I 1874 avslo han å verte statsråd i Frederik Stang sitt ministerium.

Han døydde 1900 i Kristiania.