Morten Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Müller

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1828, 29. februar 1828
Holmestrand kommune
Død

10. februar 1911 (82 år)
Düsseldorf

Yrke kunstmålar, grafikar
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Det kongelege svenske kunstakademiet
Morten Müller på Commons

Morten Müller (28. februar 182810. februar 1911) var ein norsk landskapsmålar. Han er særleg kjend for sine romantiske tablå av fjordar og furuskogar. Müller var fødd i Holmestrand i Vestfold, og døydde i Düsseldorf i Tyskland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Norsk kystlandskap med folkeliv, 1857
Utsikt over Bondejordet med omgivelser, 1868

Müller gjekk 1847-48 i lære hos Adolph Tidemand og Hans Gude i Düsseldorf i Tyskland. Seinare heldt han fram kunststudiane ved akademiet i byen under Johann Wilhelm Schirmer. Müller mottok påverknad frå August Cappelen og Marcus Larsson som han arbeidde i lag med i Stockholm frå 1850 til 1851.

Frå 1866 til 1873 bodde Müller i Oslo, der han frå 1870 saman med Knut Bergslien underviste på Johan Fredrik Eckersbergs målarskule. Deretter busette han seg i Düsseldorf og arbeidde der fram til han døydde.

I 1874 vart Müller hoffmålar og medlem av akademiet i Stockholm.

Müller vart tidleg ein omtykt målar. Arbeida hans er prega av teknisk godt utført måling, og effektfull framsyning av norsk natur. Bileta vart laga i atelier, der han var svært produktiv.

Verk[endre | endre wikiteksten]

(utval) Nasjonalgalleriet i Oslo har seks bilete av Morten Müller, Bergens Museum to og Stockholm museum tre.

  • Norsk landskap (Nasjonalgalleriet)
  • Ved Hardangerfjordens utløp, (1866) (Nasjonalgalleriet)
  • Furuskog (i Galerie zu Hamburg)
  • Stor furuskog
  • Sinclairs landgang i Romsdalen, med historisk staffasje av Tidemand (1876)
  • Nattlig fiskefangst i Norge
  • Norsk fossefall med furuskog (1879)
  • Norsk fiskehavn ved Christianiafjorden (1880)
  • Norwegische Waldgegend mit Elentieren
  • Norsk urskog (1883)
  • Norwegische Fernsicht (1886)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]