Morten Mortensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Mortensen
Fødd 13. september 1816
Tynset
Død

18. mars 1910
Tynset

Yrke politikar, bonde

Morten Mortensen (13. september 181618. mars 1910) var ein norsk gardbrukar, verksstyrar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han var far til Ivar Mortensson-Egnund.

Mortensen var son til ein gardbrukar. I yngre år var han mellom anna krambudreng. Han kjøpte i 1848 garden Øya i Lillelvdal, og budde der i 25 år. Sidan busette han seg på garden Einabu i Folldal, som han dreiv til 1893. Deretter kjøpte han gard i Tynset og budde for det meste der. Han var elles medeigar og styrar av Folldal verk.

Mortensen var medlem av heradsstyret i Tynset frå 1854, frå 1865 var han ordførar i over 15 år. Elles var han formann i skulestyret og i den lokale matrikkelkommisjonen.

Mortensen representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1868 til 1885. Heile tida var han medlem av næringskomite nr 1, frå 1871 også medlem av Lagtinget. Under riksrettsforhandlingane i 1883-84 vart han skoten ut or retten. Han var medlem av valkomiteen 1879-85, både 1878 og 1880 var han medlem av utvida busdjettkomitear. I 1873 var han mellom dei stortingsrepresentantane som var med i kroningsdeputasjonen til Trondheim. Han vart i 1884 utnemnd til medlem av bankkommisjonen.

Han døydde på garden sin i Tynset i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]