Morten Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Olsen
Morten Olsen 2012.jpg
Fødd 14. august 1949
Vordingborg
Yrke fotballspelar, association football national coach, fotballtrenar
Morten Olsen på Commons

Morten Per Olsen (fødd 14. august 1949) er ein dansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Vordingborg. Han har vore trenar for det danske landslaget sidan 2000. Mellom 1970 og 1989 spelte Olsen 102 landskampar for Danmark.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Olsen spelte på Københavns Boldklub 1970-72. Dei neste fjorten åra heldt han til i Belgia. Han spelte på klubbane Cercle Brugge (1972-76), RWD Molenbeek (1976-80) og Anderlecht frå1980 til 1986. Tre av dei seks sesongane i Anderlecht vart han belgisk seriemeister; 1981, 1985 og 1986. Frå 1986 til 1989 spelte han for FC Köln i Tyskland.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Olsen var den sentrale forsvarsspelaren då Danmark kvalifiserte seg til EM i 1984 og VM i 1986. Også i 1988 var han med i fotball-EM for Danmark.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Etter at han la opp som spelar i 1989 har Olsen vore trenar for Brøndby IF, FC Köln og Ajax Amsterdam. I hans tid som landslagstrenar har Danmark kvalifisert seg til VM i 2002, EM i 2004, VM i 2010 og EM i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]