Morten Smith-Petersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Smith-Petersen
Fødd 15. september 1817
Død

14. januar 1872

Morten Smith-Petersen (15. september 181714. januar 1872) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Grimstad. Han var ein føregangsmann i sjøforsikringa i Noreg, og var stortingsmann frå valkrinsen Arendal og Grimstad i fleire valperiodar i tida 1857-71.

Smith-Petersen var son til ein kjøpmann og skipsreiar. Etter han hadde vorte cand.jur. i 1839, reiste han heim til Grimstad og dreiv trelastforretninga og reiarlaget etter den avdøde faren, til han tok over eiga frå mora. I 1848 kjøpte han Hasseldalen skipsverft og skapte, utifrå dei verksemdene han rådde over, det største reiarlaget i Grimstad og eit av dei største i Noreg. Han stod bak grunnlegginga av Grimstad sparebank, og var fyrste styreformannen i banken 1841-57. I 1854 skipa han Agder assuranseforeining og styrte selskapet i mange år. Ti år seinare stod han i spissen då Det norske Veritas vart etablert i 1864, og var styrar i selskapet frå 1867.

Smith-Petersen var medlem 1851-66 av bystyret i Grimstad, og ordførar i fleire år. Han møtte på Stortinget 1857 som varamann for Christian Stephansen, då medlem i Tollkomiteen. På stortinga 1859-60, 1865-66, 1868-69 og 1871 hadde Smith-Petersen fast plass frå Arendal og Grimstad. På alle desse tingsamlingane var han medlem av Lagtinget og i Tollkomiteen, sekretær 1859-60 og formann 1865-66 og 1871 i Tollkomiteen. Elles medlem 1865-66 i Traktatkomiteen, 1868-69 i Røysterettskomiteen og 1871 i Valkomiteen. Stortingsmann Smith-Petersen høyrde til den liberalistiske krinsen kring Anton Martin Schweigaard, og var ein skarp motstandar mot statlege inngrep i skipsfarten. Han var medlem i to kongelege kommisjonar, i 1867 om «marinens beholdninger» og 1869 om det sjømilitære korps.

År 1868 vart Smith-Petersen utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]