Hopp til innhald

Morus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Sulefamilien Sulidae
Slekt: Morus
Vieillot, 1816

Morus er ei biologisk slekt av tre store sjøfuglartar sulefamilien, Sulidae. Havsule er den største medlemmen i slekta og er den største sjøfuglen i Nord-Atlanteren, med eit vengespenn på opptil 1,9 meter. Dei to andre artane lever på den sørlege halvkula.

Slektsnamnet Morus kjem frå gammalgresk μωρός (moros), som tyder «dum» eller «tåpeleg». Dette kjem av at hekkande suler ikkje syner mykje frykt og derfor lett kunne fangast og drepast.[1]

Morus-suler er store, kvite fuglar med gultona hovud, svarte vengspissar og lange nebb. Havsula har ein kroppslengd på 87-100 cm og kan vege opptil 3,0 kg. Dei to andre artane er ca. 3-10 cm kortare og har i snitt ca. 10-20 % mindre kroppsmasse.[2]

Havsuler har eit kjerneområde for hekking på britiske øyar, spesielt vestlege Skottland, eit mindretal hekkar i Nord-Amerika (Newfoundland og Labrador), Island og Noreg. Utanom hekketida førekjem dei i Atlanteren frå Barentshavet i nord til havstrøk utanfor Mauritania og inne i nordlege Mexicogolfen i sør. Kappsula lever i tempererte havområde utanfor sørlege Afrika og Australsula finst ved Australia og New Zealand.

Morus-suler jaktar fisk ved å stupdukke frå opptil 30 meters høgd og forfølgje byttet under vatn. Dei har fleire tilpassingar for denne jakta:

  • Dei har ikkje ytre naseopningar; desse er plasserte inne i munnen.
  • Luftsekkar i ansiktet og brystet, under huda, verkar som bobleplast og døyver støytet når dei treffer vatnet.
  • Auga er plasserte langt nok framme på hovudet til å gi kikkertsyn, slik at dei kan vurdere avstand nøyaktig.[3]

Morus-suler kan oppnå ei fart på nær 100 km/t idet dei slår ned i vatnet, noko som gjer det mogleg for dei å fange fisk på større djup enn dei fleste andre flygande fuglar.[4]

Paring og hekking

[endre | endre wikiteksten]

Morus-suler hekkar i koloniar på øyar og langs kystar, der dei vanlegvis legg eitt kritkvit-blått egg. Dei manglar rugeflekk og brukar dei svømmehudkledde føtene sine til å varme egga.[5] Dei blir kjønnsmodne kring femårsalderen. Førsteårs fuglar er heilt mørke, og seinare subadulte fjørdrakter viser gradvis meir kvitt.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Morus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7] Birdlife International (IUCN) har klassifisert kappsule som sterkt truga, dei to andre artane er klassifiserte som livskraftige.[8]

Treliste
Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 260. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Boobies and Gannets (Sulidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sulida1.01
  3. Wolfaardt, Leight. «Adaptations for Diving and Hunting Fact Sheet» (PDF). Birdlife.org. Henta 31. januar 2025. 
  4. «Northern Gannet». oceanwide-expeditions.com. Oceanwide Expeditions. Henta 31. januar 2025. 
  5. Tucker, B.W. «Brood-patches and the physiology of incubation» (PDF). British Birds 37 (2): 22–28. Arkivert frå originalen (PDF) 31. juli 2020. Henta 31. januar 2025. 
  6. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 28. januar 2025
  7. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 11. november 2024. 
  8. Birdlife International, Søk på Morus

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Morus