Mosaikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aztekisk eller mixtekisk mosaikkmaske frå om lag 1400-talet.
Foto: Simon Burchell

Mosaikk er ei form for biletkunst der ein fester fleire farga småbitar av stein, glas eller metall til eit underlag av mørtel eller liknande for å danna eit mønster eller eit figurativt bilete på ei flate.

Mosaikk kan til dømes brukast til å pynta golv, veggar og andre bygningselement, eller til sjølvstendige kunstverk.

Ordet «mosaikk» kjem frå mellomalderlatin (opus) musaicum, 'arbeid vigd musene'. Ofte vert nemninga tessera nytta som faguttrykk for kvar av dei vanlegvis terningforma småbitane som ein mosaikk er sett saman av.

Mosaikk av Pietro Cavallini frå om lag 1291 i kyrkja Santa Maria i Trastevere i Roma.

Mosaikk er kjend frå Mesopotamia frå 2000-talet f.Kr. Det blei brukt i gresk antikk, men er særleg kjend frå seinare romersk kunst, med mosaikkane i Villa del CasaleSicilia som dei som er best teke vare på. Vidare har ein brukt mosaikk til utsmykking både innan kristen og muslimsk tradisjon. Det finst også mesoamerikansk mosaikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]