Mosambikstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosambikstraumen
havstraum

Mosambikstraumen er ein varm havstraum som flyt mot sørvest frå Indiahavet og gjennom Mosambik-kanalen. Utanfor Kapp Agulhas svingar straumen mot søraust og vert Agulhasstraumen.

Den klassiske definisjonen av Mosambikstraumen er ein kraftig, jamn vestleg grensestraum. Moderne forskarar har derimot utfordra denne definisjonen og meiner at straumen ofte består av ei rekkje store antisyklonske virvlar i kanalen. Direkte bevis for desse virvlane finn ein i satellittmålingar av vasshøgda,[1] skipsmålingar[2] og fastspente straummålarar.[3] Straummålarane som stod der i over to år, synte ikkje ein jamn, kraftig straum langs kysten av Mosambik. Numeriske modellar syner likevel at i periodane utan om virvlane, så vert Mosabikstraumen kraftig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schouten, M., W. de Ruijter, P. van Leeuwen, and R. Ridderinkhof (2003), Eddies and variability in the Mozambique Channel. Deep-Sea Res. II,50, 1987-2003.
  2. De Ruijter, W. P. M., H. Ridderinkhof, J. R. E. Lutjeharms, M. Schouten, and C. Veth (2002), Observations of flow in the Mozambique Channel, Geophys. Res. Lett., 29, 1401-1403
  3. Ridderingkhof, H., and W. de Ruijter (2003), Moored current observations in the Mozambique Channel, Deep-Sea Res. II, 50, 1933-1955.