Mosandritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mosandritt er eit brunt mineral som finst i syenittpegmatittar ved Langesundsfjorden. Det er eit fluorhaldig silikat av natrium, kalsium, lantanoid og titan. Det vart først skildra av A. J. Erdmann i 1841.

Det er kalla opp etter C. G. Mosander og -itt.

Johnstrupitt er identisk med mosandritt, men har ein grønleg farge. Johnstrupitt vart først skildra av W.C. Brøgger i 1890 frå nefelinsyenitt-pegmatitt ved Langesundsfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]