Moses Tanui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moses Tanui
Statsborgarskap Kenya
Fødd 20. august 1965 (58 år)
Nandi fylke
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Moses Kiptarbet Tanui (fødd 20. august 1965) er ein kenyansk langdistanseløpar frå Nandi fylke i det vestlege av Kenya som i 1991 var verdsmeister på 10 000 meter og to år seinare tok VM-sølv på same distansen.

Tanui vart nummer to på 10 000 m og nummer tre på 5 000 m ved afrikameisterskapen 1989 i Lagos. Året etter kom han på andreplass i terrengløp-VM i franske Aix-les-Bains. Ved friidretts-VM 1991 i Tokyo vann han gullmedaljen på 10 000 meter etter å ha slått landsmannen Richard Chelimo med sju tidels sekund i sluttspurten. To år seinare mista Tanui under VM-milløpet i Stuttgart den eine skoen ei runde før mål, etter kontakt mellom han og Haile Gebrselassie frå Etiopia. Gebrselassie vann løpet, men berre halvsekundet framom Tanui. Knappe to veker etter sprang Tanui sitt livs snøggaste 10 000-meter då han i Brussel den 3. september 1993 vart klokka i mål på tida 27.18,3.

Den 3. april 1993 vart Tanui den fyrste som fullførte ein halvmaraton på under timen, sluttida på eit løp i Milano vart 59.47. Både i 1996 og 1998 vann han Boston Marathon og i 2002 Wien maraton. Sitt aller fortaste maratonløp på 2.06.16 presterte han då vart andremann i Chicago Marathon i 1999.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 i Seoul: Nr 8 på 10 000 m – 27.47,2
  • VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje på 10 000 m – 27.38,7, framom Richard Chelimo (27.39,4)
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 8 på 10 000 m – 28,27,1
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.46,5, bakom Haile Gebrselassie (27.46,0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]