Moskenesøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Moskenesøya
Reine
Reine
Geografi
Norway - Moskenesoy.PNG
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 67°59′N 13°00′EKoordinatar: 67°59′N 13°00′E
Øygruppe Lofoten
Areal 186 km²
Høgaste punkt Hermannsdalstinden (1029 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Sørvågen (463 innb.)

Moskenesøya er den ytste av dei vegfaste øyane i Lofoten. Øya har eit areal på 186 km². Den nordaustlegaste delen av øya høyrer til Flakstad kommune, medan resten høyrer til Moskenes kommune.

Moskenesøya er ei bratt og fjellendt øy. Det høgaste punktet på øya er Hermannsdalstinden på 1029 moh. Busetjingane på øya ligg på sør- og austsida. I Moskenes ligg fiskeværa Å, Sørvågen, Reine og Hamnøy. På Flakstad-delen av øya ligg Mølnarodden og Fredvang. Nord- og vestsida av øya er ikkje busett, men det finst fleire flate viker mellom fjella på yttersida.

Aust for Moskenesøya ligg Flakstadøya, som utgjer den største delen av Flakstad kommune. Sørvest for Moskenesøya ligg Moskenstraumen, Mosken, Værøy og øyane på Røst.

Fredvang på Moskenesøya er knytt til Flakstadøya med to bruer (Fredvangbruene) og fylkesveg. Kåkern bru fører Europaveg 10 frå Flakstadøya til Moskenes. Vegen kryssar Reinefjorden på tre bruer og ender på Å. Frå staden Moskenes er det ferjesamband til Bodø, Værøy og Røst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]