Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moskva
Москва
Moskvaelva og Kreml i Moskva
Moskvaelva og Kreml i Moskva
Flagget til Moskva Byvåpenet til Moskva
Flagget til Moskva Byvåpenet til Moskva


Plassering
Moskva is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Føderal by
Grunnlagd 1147
Borgarmeister Sergej Semjonovitsj Sobjanin
Geografi
Flatevidd
 - By

1 081 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik

11 504 000
  10 642 /km²
Koordinatar 55°48′″N 37°35′56″EKoordinatar: 55°48′″N 37°35′56″E
Høgd over havet 156 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 101xxx–129xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)495, (+7)499
Bilnummer 77, 97, 99, 177, 199
Nettstad: mos.ru/


Moskva (russisk Москва́) er hovudstaden og den største byen i Russland. Byen er òg den største byen i Europa og storbyområdet til Moskva er av dei største i heile verda. Moskva er det politiske, økonomiske, religiøse og finansielle senteret i landet, samt eit utdannings- og transportsenter. Byen ligg ved elva Moskva i Det sentrale føderasjonsdistriktet i den europeiske delen av Russland. I 2010 talde ein 11,5 millionar innbyggjarar i byen Moskva.

Moskva er eit føderalt subjekt i Den russiske føderasjonen og er òg administrasjonssenter for Moskva oblast.

Gjennom historia har Moskva vore hovudstad i Sovjetunionen, Storfyrstedømet Moskva og Det russiske tsardømet, samt statar før Det russiske riket oppstod. Her ligg Den raude plassen, som er sentrum av Moskva og utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Ved Den raude plassen ligg Kreml, som er bustaden til presidenten av Russland.

Moskva er eit stort økonomisk senter og den byen med flest milliardærar i verda[2] og i 2007 vart Moskva erklært den dyraste byen i verda for utanlandske tilsette.[3] Her ligg mange vitskaps- og utdanningsinstitusjonar, samt mange sportsfasilitetar. Moskva har eit omfattande transportsystem, som inkluderer eit av dei travlaste metrosystema i verda, kjend for sin arkitektur og sine kunstverk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjeldene til Moskva kan daterast tilbake til 1147Jurij Dolgorukij oppfordra fyrsten av Republikken Novgorod til å kome til han, då byen var ein liten provinsby.[4] Ni år seinare, i 1156, gav fyrst Jurij Dolgorukij ordre om at det skulle byggast ein tremur rundt Moskva.[5] I perioden 1237-1238 brende mongolane ned byen og tok livet av innbyggjarane. Moskva kom over dette og vart hovudstad i eit sjølvstendig fyrstedømme i 1327.[6] Den gode plasseringa ved Moskvaelva gjorde at byen kunne utvikle seg.

Spasskaja-tårnet (bygd i 1491) i regjeringspalasset Kreml.

Under Ivan I erstatta Moskva byen Tver som hovudstad i Vladimir-Suzdal og vart eineinnsamlar av skatt for dei mongolske herskarane. Ved å betale ein høg tributt fekk Ivan eit viktig gode frå khanen. Motsett av andre fyrstedøme vart ikkje Moskva delt mellom sønene hans, men vart overdratt til den eldste. I 1380 leia fyrst Dmitrij Donskoj av Moskva ein samla russisk hær til ein viktig siger over mongolane i slaget ved Kulikovo. Etter slaget fekk Moskva ei leiande rolle i frigjeringa av Russland frå mongolsk overherredøme. I 1480 vann Ivan III endeleg fridom frå tatarane sin kontroll ved Det store møte ved Ugraelva, som tillet Moskva å bli sentrum for all makt i Russland.[7] Hovudstaden i Russland, som tidlegare hadde skifta mellom Kiev og Vladimir, vart ved slutten av regjeringstida hans endeleg fastlagt til Moskva.

1600-talet var det mange folkeopprør som frigjeringa av Moskva frå polsk invasjon (1612), Saltopprøret (1648), Koparopprøret (1662) og Moskvaopprøret i 1682. Byen var ikkje lenger hovudstad i Russland i 1712 etter grunnlegginga av St. Petersburg ved Austersjøen av Peter den store i 1703. Då Napoleon invaderte Russland i 1812 evakuerte moskovittane byen og brende han ned då Napoleon sine tropper nærma seg den 14. september. Hæren til Napoleon, som var plaga av svolt, kulde og dårlege forsyningslinjer, vart då tvungen til hurtig å trekke seg tilbake.

I januar 1905 vart Aleksander Adrianov utnemnd til den første offisielle borgarmeisteren i Moskva. Etter den russiske revolusjonen vart Moskva den 12. mars 1918 hovudstad i Føderasjonen av russiske sosialistiske sovjetrepublikkar, som mindre enn fem år seinare vart til Sovjetunionen.[8]

Kreml i Moskva.

Under den store fedrelandskrigen (det russiske namnet for Austfronten under den andre verdskrigen) var hovudkvarteret for forsvaret og generalstaben for Den raude arméen plassert i Moskva. I 1941 vart 16 divisjonar (over 160 000 personar), 25 bataljonar (18 800 personar) og fire ingeniørregiment danna ut av frivillige moskovittar. I november 1941 vart den tyske Senterarméen stoppa i forstadane av byen og så drive ut under Slaget om Moskva. Mange fabrikkar vart evakuert saman med mykje av sentraladministrasjonen og frå den 20. oktober vart byen erklært under omleiring. Dei tilbakeverande innbyggjarane bygde og bemanna panservernsvåpen-forsvarsverk, medan byen vart bombardert frå lufta. Det er verdt å merke at Josef Stalin nekta å forlate byen, noko som gjorde at den øvste militære leiinga òg vart verande. Trass i omleiringa og bombinga heldt bygginga av metroen i Moskva fram, som starta tidleg på 1930-talet og ved slutten av krigen opna fleire nye metrolinjer. Den 1. mai vart ein medalje: For forsvaret av Moskva 1944 stifta og i 1947 vart ein annan medalje innstifta – Til minne om Moskvas 800 års jubileum. For å feire 20 år sidan sigeren under den andre verdskrigen vart Moskva den 8. mai 1965 saman med elleve andre byar utnemnd til helteby.

I 1991 vart Moskva råka av eit kuppforsøk frå regjeringsmedlemmar imot Mikhail Gorbatsjov sine reformer. Då Sovjetunionen vart oppløyst same år held Moskva fram som hovudstad, no i Russland. Siden då er det utvikla ein marknadsøkonomi som har skapt ein eksplosjon i vestlege forretningar, servicetilbod, arkitektur og livsstil.

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Stalin-skyskraparen ved Kudrinskakja-plassen. Ordføraren sitt kontor (det tidlegare Comecon-hovudkvarteret) ligg til venstre, Det kvite huset til høgre.

Moskva er hovudstaden i Den russiske føderasjonen. I sentrum av byen, i den sentrale administrative okrugen, ligg Kreml, der presidenten av Russland og store delar av statsadministrasjonen held til. Dette inkluderer òg fleire militære hovudkvarter og hovudkvarteret i Moskva militære distrikt. Som alle andre hovudstader husar òg Moskva alle utanlandske ambassadar og diplomatar som er utplassert i Russland.

Moskva har status som éin av landet sine to føderale byar (saman med St. Petersburg). Av dei 83 føderale subjekta i Russland er Moskva det minste i areal, men samstundes det største i folketal. Moskva er òg plassert i den sentrale økonomiske regionen, ein av tolv spesielle økonomiske regionar i Russland.

Heile byen vert leia av éin ordførar, frå 2010 Sergej Sobjanin. Byen er delt inn i ti administrative okrugar og 123 distrikt. Eitt av dei administrative distrikta, byen Zelenograd (nummer 1 på kartet under), ligg eit stykke utanfor resten av byen.

Alle administrative okrugar og distrikt har eigne våpenskjold, flagg og valde leiarar av lokaladministrasjonen.

I tillegg til distrikta har Moskva territorielle einingar med spesiell status. Desse omfattar vanlegvis område med liten eller ingen fast busetnad, som til dømes Det allrussiske utstillingssenteret, Den botaniske hagen, større parkar og industriområde. I dei seinare åra har enkelte territorium vorte slått saman med distrikt.

Det er ingen spesielle etniske nabolag i Moskva. Som i dei fleste andre byar er det delar av byen som vert rekna som finare enn andre; faktorar som avgjer dette er ofte nærleiken til sentrum, nærleiken til metrostasjonane og tilgangen til grøntareal.

Moskva er det administrative senteret i Moskva oblast, sjølv om byen har status som føderal by med eigen lokaladministrasjon og dermed ikkje er underlagt oblasten.

Dei administrative okrugane i Moskva
Forvaltningsområde Russisk namn Innbyggjarar (2010)[1]
Nord (2) Северный 1 100 974
Nordaust (3) Северо-Восточный 1 359 508
Nordvest (4) Северо-Западный 942 223
Aust (6) Восточный 1 452 759
Zelenograd (1) Зеленоградский 221 712
Sør (7) Южный 1 716 808
Søraust (8) Юго-Восточный 1 318 885
Sørvest (9) Юго-Западный 1 362 751
Vest (10) Западный 1 285 914
Sentrum (5) Центральный 741 867
TOTALT 11 503 501

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Sjukhov-tårnet i Moskva. Tårnet er truga av riving og toppar UNESCO si liste over bygningar i fare.

Arkitekturen i Moskva er verdskjend. Byen er kjend for Vasilijkatedralen med sine elegante laukkuplar, i tillegg til Frelsaren Kristus-katedralen og Dei sju systrene. Patriarken av Moskva, som held til i Danilov-klosteret, er overhovud i Den russisk-ortodokse kyrkja. Moskva var òg vertsby for sommar-OL 1980. I lang tid var byen dominert av ortodokse kyrkjer. Dette endra seg i sovjettida, spesielt under Josef Stalin, der det vart iverksett store tiltak for å modernisere byen. Stalin introduserte mange store byggjeprosjekt og fekk bygd store boulevardar (mange på meir ein ti felt), men sørgde òg for rivinga av mange kulturhistoriske minnesmerke. Mellom anna vart Sukharev-tårnet, Kazan-katedralen og Frelsaren Kristus-katedralen alle rive under Stalin-tida. Dei to sistnemnde vart derimot bygd opp att på 1990-talet.

Arkitekten Vladimir Sjukhov stod ansvarleg for bygginga av fleire av landemerka i Moskva frå den tidlege sovjet-perioden. Sjukhov-tårnet, eitt av mange hyperbolske tårn teikna av Sjukhov, vart bygd mellom 1919 og 1922 som sendetårn for den russiske kringkastinga. Sjukhov etterlet seg òg ei varig arv til den sovjetrussiske konstruktivismen. Han designa store, langstrekte varemagasin, der GUM i Moskva er det mest kjende.

Stalin er òg kjent for Dei sju systrene, sju katedral-liknande skyskraparar som distinkt pregar horisonten i byen. Den storslagne forma til bygningane er påstått å vere inspirert av Manhattan Municipal Building i New York og stilen deira – med eit intrikat eksteriør og eit høgt, sentralt spir – vert ofte kalla stalinistisk gotisk arkitektur. Alle sju tårn er synlege frå store delar av byen og dei utgjer saman med Ostankino-tårnet dei høgaste bygningane i det sentrale Moskva. Ostankino-tårnet var då det stod ferdig i 1967 det høgaste høgaste frittståande byggverket i verda og er framleis det tredje høgast etter Burj Dubai i Dubai og CN Tower i Toronto.


Sovjetisk bustadpolitikk var prega av stor offentleg bustadbygging. Den raske veksten i folketalt til Moskva i sovjettida førte til ei massiv utbygging av store, monotone bustadblokker. Desse skil seg frå nabolag til nabolag og dei forskjellige typane bustadblokkene kan delast inn etter alder, materiala som vart nytta og stilen. Flesteparten av desse kom etter Stalin-epoken og stilartane er ofte kalla opp etter han som sat ved makta ved byggetidspunktet (Bresjnev, Khrustsjov, etc.). Mange av desse bustadkompleksa er i dag nedslitne og dårleg vedlikehaldne.

Bygga i Stalin-stil ligg stort sett i sentrum og er massive konstruksjonar ofte med ornament med sosialist-realistiske motiv som imiterer klassiske byggverk. Moskva har derimot òg mange mindre kyrkjer spreidd utover byen som gjev innblikk i ei svunnen tid. Arbat, ei populær turistgate som ein gong var hjartet i eit bohemsk strøk, har fått halde flesteparten av bygningane sine frå før nittenhundretalet. Mange bygningar utanfor hovudgatene i sentrum er òg døme på borgarleg dekadanse frå tsar-tida. Ostankino, Kuskovo, Uzkoe og andre gods like utanfor byen høyrte opphavleg til adelen frå før revolusjonen og enkelte kloster, både i og utanfor byen, er opne for både moskovittar og for turistar.

Det vert stadig gjort forsøk på å restaurere og gjenoppbygge mange av byen sine døme på før-sovjetisk arkitektur. Dei nybygde og nyoppussa bygningane er lette å kjenne igjen på dei lyse, nye fargane og dei perfekte fasadane. Det finst òg døme på tidlege sovjetiske avantgarde bygningar, som til dømes huset til arkitekten Konstantin Melnikov i Arbat-området. Mange av dei gjenoppbygde bygningane har vorte kritisert for manglande tanke på autentisitet. Fasadisme er òg vanleg. Seinare døme på interessant sovjetisk arkitektur kjenner ein vanlegvis igjen på storleiken og den semi-modernistiske stilen. Eit døme på dette er Novyj Arbat-prosjektet, berykta for sin omfattande øydelegging av ei minneverdig område i Moskva sentrum.

Som i mange andre byar – berre i enno større skala – er det sett opp skilt på fasadane til mange bygningar som opplyser om kjente personar som har budd der. Ofte gjeld skilta kjende personar frå sovjet-perioden og desse er ofte lite kjent utanfor Russland sine grenser. Mange tidlegare bustader er òg gjort om til museum, dette gjelder typisk heimane til kjente russiske forfattarar, komponistar og kunstnarar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 2010 vart det tald 11 503 501 innbyggjarar i Moskva. Dette talet tar derimot ikkje høgde for folk som ikkje er folkeregistert i byen.

Moskva har vore den største byen Russland i fleire hundre år. Etter Sovjetunionen sitt fall har det gått nedover med mange byar i Sibir og andre stader i landet, så dominansen til Moskva over andre russiske byar har auka dei seinare åra.

På grunn av låge fødselstal og høg mortalitet har folketalet i Russland minka med 700 000 årleg sidan Sovjetunionen sitt fall. I 2003 oversteig talet på dødsfall talet på fødslar med om lag 49 400. Dei seinare åra har talet på barnefødslar auka noko, men gjennomsnittsalderen på innbyggjarane i Moskva aukar stadig.

Relativt mange innflyttarar til Moskva gjer at folketalet i byen stadig aukar, i motsetnad til i mange andre byar i Russland der utviklinga går motsett veg. Innflyttarane vert tiltrekt av den sterke økonomiske situasjonen i Moskva, som står i sterk kontrast til stagnasjonen mange andre stader i landet. For å regulere folkeveksten har styresmaktene i Moskva innført eit system som forbyr ikkje-fastbuande å halde seg i hovudstaden i meir enn 90 dagar utan å registrere seg.

Tilflytting frå alle delar av Russland og andre delar av den tidlegare Sovjetunionen gir Moskva stor etnisk variasjon. Ved folketeljinga i 2010 var det 16 ulike etnisitetar som hadde over 10 000 ibuarar i byen. Den klart største folkegruppa var likevel russarar, som utgjorde 86,3 % av folketalet. Dei største minoritetsgruppene var ukrainarar (1,3 %), tatarar (1,3 %) og armenarar (0,9 %). I tillegg til dette kjem det at 5,8 % av moskovittane ikkje oppgav etnisitet ved folketeljinga.[1]

Historisk folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Moskva mellom 1400 og 1856
1400 1638 1710 1725 1738 1775 1785 1811 1813 1825 1840 1856
40 000 200 000 160 000 145 000 138 400 161 000 188 700 270 200 215 000 241 500 349 100 368 800
Folketalsutvikling i Moskva mellom 1868 og 2002
1868 1871 1888 1897 1912 1920 1926 1939 1959 1979 1989 2002
416 400 601 969 753 459 1 038 600 1 617 157 1 027 300 2 101 200 4 609 200 6 133 100 8 142 200 8 972 300 10 383 000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moskva

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. Moscow becomes world's billionaire capital — Forbes. RIA Novsoti. Vitja 2008-03-05.
  3. Sahadi, Jeanne, Moscow remains the world’s most expensive city while London moves up from fifth to second place. CNNMoney.com
  4. History of Moscow (engelsk). Undervisningsmateriale om Moskvas historie frå Occidental College (17. desember 2007).
  5. Kremlin (engelsk). The New York Public Library (3. juli 2006).
  6. Along the Moscow Golden Ring (engelsk). Moscow Tourist Information center (5. juli 2006).
  7. The Mongol Connection: Mongol Influences on the Development of Moscow, Vogel, Michael (engelsk). Indiana University South Bend (3. juli 2006).
  8. utgiver=www.russiskembassy.org Geography, The Russian Embassy (engelsk) (2006-07-18).