Moskvafreden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Områda Finland avstod til Sovjetunionen etter Moskvafreden 1940

Moskvafreden vart underteikna den 12. mars 1940 mellom Finland og Sovjetunionen. Freden trådde i kraft den 13. mars og avslutta vinterkrigen.

Fredsvilkåra[endre | endre wikiteksten]

Finland var tvinga til å godta harde fredsvilkår; krigen hadde tappa den finske arméen for ressursar, og det var fare for eit fullstendig sovjetisk gjennombrot. Sovjetunionen var likevel villig til å slutte fred, for ikkje å risikere å hamne i krig med Storbritannia og Frankrike, som begge hadde signalisert støtte til Finland.

Sovjetunionen var likevel slik stilt at dei kunne diktere fredsvilkåra etter måten fritt. Finland måtte avstå om lag 35 000 km² land, og meir enn 400 000 karelar og andre fordrivne flyktningar måtte finne ny bustad i Finland.

Finland måtte avstå

Fredsavtalen kravde vidare at

  • Finland skulle leige ut odden Hangö til Sovjetunionen som flåtebase i 30 år
  • Finland skulle yte erstatning for maskiner og anna som dei evakuerte hadde teke med frå Karelen
  • Finland ikkje skulle alliere seg mot Sovjetunionen

Finnane kalla snart Moskvafreden for «mellomfreden». Revansjelysten var sterk i mange grupper. Etter det tyske åtaket på Noreg i april 1940 vart nordområda endå viktigare strategisk, og Finland og Tyskland kom til å stå på same side mot Sovjetunionen i den finske framhaldskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]