Moss Dagblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Moss Dagblad
TypeLokalavis
FormatTabloid
Grunnlagd1912
Nedlagd2009
EigararA-pressen
Politisk tilknytingpartipolitisk nøytral
Opplag6 126 (2007)
HovudkvarterMoss
Nettstadwww.mossdagblad.no

Moss Dagblad var ei avis som kom ut i Moss i Østfold. Avisa kom ut første gong den 10. februar 1912 som Moss Socialdemokrat. Avisa skifta i 1923 namn til Folkets Blad og etter partisamlinga i Arbeiderpartiet i 1927 til Moss og omegns Arbeiderblad. I 1940 vart avisa stansa av Nasjonal Samling. I oktober 1945 vart namnet endra til Moss Arbeiderblad. I 1957 endra avisa på nytt namn til Moss og Follo Blad etter ein avisfusjon. Namnet Moss Daglad vart tatt i bruk i 1960.

Avisa var i 2009 den nest største avisa i Mosseområdet, og ho dekte hovudsakleg saker frå Moss kommune. Tidlegare var avisa knytt til Arbeiderpartiet, men var før den vart lagt ned partipolitisk uavhengig. Avisa kom ut tre gongar i veka. Ansvarleg redaktør då avisa gjekk inn var Morten Øby.

A-pressen bestemte 24. mars 2009 at avisa skulle leggast ned, og siste utgåve kom den 30. mars 2009.[1]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 5 439
2001 5 968
2002 7 464
2003 7 551
2004 6 937
2005 6 151
2006 6 700
2007 6 126
2008 5 648

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Moss Dagblad legges ned» frå Moss Dagblad, publisert 24. mars 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]