Mostonga
Utsjånad
| Mostonga (Мостонга) | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 70 km | ||
| Kjelde | Sombor i Vojvodina | ||
| Munning | Donau ved Mladenovo i Vojvodina | ||
![]() Mostonga 45°16′10″N 19°11′24″E / 45.2694°N 19.19°E | |||
| Wikimedia Commons: Mostonga | |||
Mostonga (serbisk Мостонга) er ei elv nord i Serbia i regionen Bačka og provinsen Vojvodina, ei 70 km lang sideelv til Donau frå venstre. Ho var tidlegare 92 km lang, men endringar i elveleiet og kanalisering har gjort ho kortare.
Mostonga spring ut frå eit myrområde nord for byen Sombor nordvest i Vojvodina. Ho renn parallelt til Donau og etter landsbyane Doroslovo og Srpski Miletić vert ho ein del av hovudkanalen i Vojvodina og Serbia, Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD). Nordvest for byen Odžaci går ho ut frå kanalen att, og er sjølv kanalisert. Ho munnar ut i Donau vest for byen Bačka Palanka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mostonga» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
