Motitiøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Motiti
øy
none
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Stad Bay of Plenty
Høgd 57 m
Areal 10 km²
Folketal 27[1] (2006)
Wikimedia Commons: Motiti Island

Motiti er ei øy i Bay of Plenty ved kysten av NordøyaNew Zealand. Ho ligg 21 km nordaust for Tauranga og 9,4 km nordaust for Papamoa. Ved folketeljinga i 2006 var det 18 bustader på øya der det budde 27 folk.[1]

Motiti er ei relativt flat øy med ein flatevidd på rundt 10 km². Då oppdagaren James Cook sigla nær øya den 2. november 1769 under si første reise til Oseania kalla han øya «Flat Island», og rapporterte om dei mest utbygde befesta landsbyane han hadde sett til då.[2]

Det viktigaste næringsområdet på øya er jordbruk, med avokadodyrking som eit vekstområde i 2010.[3]

Transport til og frå øya skjer vanlegvis med fly. Sunair har ei linje mellom Motiti og Tauranga med Cessna 172-fly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 QuickStats About Motiti Island, 2006 Census, Statistics New Zealand. Henta 29. oktober 2010.
  2. A.H. McLintock, red. (1966), Motiti Island, http://www.teara.govt.nz/en/1966/motiti-island 
  3. Motiti Island: Population 40, just how they like it. Henta 6. juni 2015

Koordinatar: 37°37′33″ S 176°25′20″ E