Motiv i litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Motiv i litteratur er tankar, inntrykk eller mønster som går igjen i éin tekst eller i ulike verk. Ei rekkje moment kan vera motiv, til dømes bilde, idear, opplevingar, situasjonar, figurar og typar, handlingsmønster og personkonstellasjoner.[1][2] Eit motiv er konkret og kan finnast lett i ein tekst, til forskjell frå temaet eller hovudideen i teksten, som kan vera meir diffust.[3]

Særskilde motiv kan vera utbreidde innan ein litterær sjanger eller periode. Nokre av dei kan verka som sjangerkjenneteikn, eller brukast til å klassifisera tekstar, til dømes ved å samla eventyr i motivgrupper.[4]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Motiv kan vera svært generelle, som «havet, dauden og kjærleiken», eller meir særeigne.

Nokre døme er:

  • Forgjengelegdom. «Ubi sunt» ('kvar er…') er eit kjent motiv frå mellomalderdikting som typisk tek for seg folk som no er døde, «snøen som fall i fjor» og liknande. «Carpe diem»-motivet er vanleg i litt seinare lyrikk og inneheld oppfordringar til å leva livet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chris Baldick, «motif», The Oxford Dictionary of Literary Terms (3 ed.). Oxford University Press, 2008. ISBN-13 9780199208272. eISBN: 9780191727177
  2. Helge Ridderstrøm, «Litterært motiv» (PDF, 18.02.19), Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier
  3. Anne Golden, Eskil Hanssen og Dag Orseth, Stemmer, Gyldendal Norsk Forlag, 1999. ISBN 82-05-24652-1
  4. Tormod Kinnes, «1. AT-nummer, ATU-nummer og ML-nummer»; «Eventyr», pax Leksikon, leksikon.org
  5. «Ancestral Voices The Big House in Anglo-Irish Literature», lilliputpress.ie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]