Motiv i lovar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå motiv.

Motiv er den delen av eit lovforslag som inneheld opplysningar om bakgrunnen for og føremålet med føreslåtte nye lovbestemmingar med omsyn til rekkjevidde, forståing osb. Ein skil mellom alminnelege og spesielle motiv. Dei sistnemnde har form av særlege merknader til dei enkelte paragrafane i lovutkastet. Uttrykket «motiv» blir ofte også brukt om dei samla forarbeida til ein lov, som referat av forhandlingane i dei lovgjevande forsamlingane. I Norden og i kontinentale land har motiv stor tyding når ein tolker ein lov. I Storbritannia og lovsystem som byggjer på britisk Common Law blir dei derimot ikkje gjeve slik tyding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Motiv» (16. mai 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. desember 2014.